Her er deltakarskulane til Holbergprisen i skolen 2018/2019

04.10.2018

Eit nytt forskingsår med Holbergprisen i skolen er på trappene, og 20 skoler har nå blitt valt ut som deltakarar i konkurransen.

Det er ny rekord i talet på søkarskular til årets Holbergprisen i skolen, og alle landets regionar er representert i søkarmassen. Frå 2018 støttar Kunnskapsdepartementet Holbergprisen med ei øyremerka løyving slik at talet på deltakarskular gradvis kan aukast frå 12 til 20 innan 2020. Søknadsrekorden og den auka løyvinga frå Kunnskapsdepartementet har gjort det mogleg å auke til 20 deltakarskular allereie i år. “Vi er glade for det store talet på søknadar i år, og særleg gledeleg er det at det er så mange nye skular som har valt å søke,” uttaler juryleiar Mette Andersson, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo.

Fagjuryen for Holbergprisen i skolen har no valt ut kva for skular som får vere med i konkurransen. I utvelginga har ein gjort ei heilskapleg vurdering ut ifrå geografisk spreiing og kvaliteten på søknaden, samt eit ønskje om å balansere mellom gjengangarar og skular som deltek for første gang. Søkarane sin motivasjon for å vere med er òg vektlagd. Juryleiar Andersson peikar på at:

"Det er tydeleg at Holbergprisen i skolen vekker stor interesse hjå landets vidaregåande skular, og at sekretariatet si promotering av deltaking har nådd breitt ut. Søknadane syner ei begeistra haldning til konkurransen og moglegheitene den gir for elevaktiv læring. Det er også tydeleg at det allereie no vert utført forskingsprosjekt på mange vidaregåande skular, som lærarane ønskjer å sette inn i ei større ramme gjennom skuleprosjektet".

Følgjande 20 skular har blitt valt ut som deltakarar i 2018/2019:

Kirkenes videregående skole Elverum videregående skole
Hammerfest videregående skole Oslo by steinerskole
Charlottenlund videregående skole Hartvig Nissens skole
Trondheim Katedralskole Blindern videregående skole
Fagerlia videregående skole Sandvika videregående skole                                       
Sygna vidaregåande skule Eikeli videregående skole
St. Paul gymnas Kongsberg videregående skole             
Bømlo vidaregåande skule Re videregående skole                                              
Vennesla videregående skole Frogn videregående skole
Kragerø videregående skole Greåker videregående skole

Prosessen vidare

Det første som skjer vidare er at alle lærarane blir invitert til eit todagars fagseminar i Bergen 7.-8. november, som i år har fått tittelen “Forskningens former: Etikk, retorikk og metode i human- og samfunnsvitenskapene.” Her blir det gitt ein introduksjon til Holbergprisen i skolen, prosjektets innhald, forventningar og fristar. Lærarane får også fornya kunnskap og idear til gode opplegg for pedagogisk fagformidling, innføring i ulike metodar innanfor samfunnsfaga og humaniora, og døme på korleis elevane kan gå fram når dei skal forske.

I desember og januar vil Holbergprisen sitt sekretariat besøke alle skulane for å svare på spørsmål og høyre elevane sine tankar kring tema for forskingsprosjekta. Holbergprisen legg i utgangspunktet ingen føringar for kva tema elevane kan forske på, men ofte vil læraren ha innspel på bakgrunn av læreplanane i dei gjeldande faga. Litt lenger ute i prosessen vil kvar skule få besøk og rettleiing frå ein forskar tilknytt universitet eller høgskule i skulen sitt nærområde. Forskarkontakten vil mellom anna gi elevane ei innføring i forskingsmetodar og drøfte korleis dei kan snevre inn eit stort og vidt temaområde til ei presis problemstilling.

Arbeidet med elevprosjekta gjennomførast i løpet av vårsemesteret 2019 med innleveringsfrist 10.april. Tre finalistar blir valt ut, og inviterast som gjestar til Holbergveka i byrjinga av juni for å bli heidra saman med mottakarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Her vil forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø dele ut skuleprisen i ein eigen seremoni  på Bergen Katedralskole. I tillegg vert også årets lærarpris delt ut som ei anerkjenning av lærarens viktige rolle som sentral fagleg ressurs og inspirasjonskjelde i arbeider med å skape interesse for forsking blant elevar i den vidaregåande skulen.

Søk igjen neste år

På tross av rekordstor søkarmasse, ønskjer Holbergprisen i skolen å nå endå breiare ut: “Det er eit viktig mål for Holbergprisen i skolen å nå ut til fylker og regionar med låg deltaking,” seier juryleiar Andersson. Sekretariatet ønskjer seg ein stabil søkjarmasse med god geografisk spreiing, og sikre til at prisen og moglegheitene den representerer er kjent over heile landet.