Læring for deg og elevane dine

07.09.2021

Les - og høyr - lærarprisvinnarane frå dei fire siste åra sine tankar om kva dei sjølve og elevane deira lærte av deltakinga i Holbergprisen i skolen. 

Kvart år deltek opp mot 60 lærarar og 1000 elevar i Holbergprisen i skolen. Konkurransen gjer rike læringsmoglegheiter både til lærarar og elevar, særleg gjennom forsking som arbeidsmetode. Deltakinga gjer også moglegheit for læraren til å tilpasse undervisninga til den enskilde eleven/ dei einskilde elevane, og gjer moglegheit til å bruke elevane sine ulike styrker for å oppnå best mogleg utbytte av deltakinga. 

Utnytt styrkane til elevane dine

Lærarprisvinnaren i 2021, Hildegunn Stokke Rasmussen, såg i lærarrapporten sin "Det er så verdt det når man er ferdig" nærare på refleksjon, djupnelæring og kritisk tenking hos seg sjølv og elevane sine. Ho synte mellom anna til at forsking som arbeidsmetode og gruppearbeid betyr at ulike elevar kan bruke styrkane sine saman. Til dømes kan det vere slik at i ein situasjon der fleire elevar arbeider saman i gruppe, er det nokon som er teoretisk sterke, medan andre er meir frampå og komfortable med å ringe rundt til informantar. Hildegunn peika også på at arbeidsmåten gjer læraren moglegheit til å differensiere, slik at ein som lærar kan gje friare rammer til elevar som taklar det på ein god måte, og kan følgje dei elevane som treng ekstra oppfølging tettare. 

Kritisk tenking og langvarig læring

Lærarprisvinnaren i 2020, Kjersti Gjerde Brekklund, synar i lærarrapporten "Jeg synes fremdeles det er mer futt i tittelen Sex og synd" til sine erfaringar med å delta med ein heil klasse som samarbeidde om eitt prosjekt. Forskingsprosjektet blei gjort på ein måte der metoden skulle vere det sentrale, og Kjersti peika på at det å hente inn informasjon, vurdere kjelder og det å tenke kritisk, var noko elevane lærde mykje av. Vidare var det svært positivt at forskarkontakten kom inn i klassen og opna dørene til den akademiske verda. Dette gjer at elevane får erfaringar dei kan ta med seg inn i vidare studiar og seinare i livet. Kjersti peika også på at arbeidet med skuleprisen stimulerte elevane til intellektuell nyskjerrigheit og kritisk tenking. 

Også lærarprisvinnarane i 2019, Sverre Bjørnstad og Marit Frydenlynd, trakk i lærarrapporten "Holbergprisen i skolen - Dybdelæring i praksis?" fram varig og framtidsretta læring som ein viktig del av utbyttet elevane fekk av deltakinga. Dei peika på at samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking er viktig i skulen, då elevane lærar om demokrati og medborgarskap, og om det å ha ei stemme i samfunnet. Dei trakk også fram at elevane lærer på ein annan måte enn det dei gjer i den ordinære skulekvardagen. 

Studieførebuande

Lærarprisvinnaren i 2018, Kirsti Anita Røsand, peika i lærarrapporten "Learning by doing" på at opplegget i Holbergprisen i skolen fungerer svært studieførebuande. Dette er nettopp fordi arbeidet med vitskaplege forskingsmetodar vert så sentrale for slike utdanningsløp, og deltaking i skuleprosjektet byggjer elevane sin kompetanse på dette området. Ein viktig forskjell prosjektet utgjer jamført med den ordinære skulekvardagen, er at elevane får utstrekt grad av autonomi over si eiga læring og sin eigen arbeidskvardag. Forutan utfordringar knytt til tidsbruk i eigne prosjekt, krev prosjektet meir kritisk tenking frå elevane si side enn dei er vane med frå andre undervisningssituasjonar. Røsand skildrar læraren si rolle i prosjektet som rettleiar heller enn undervisar, då elevane skapar sitt eige læringsinnhald. 

Dersom du deltek i Holbergprisen i skolen, vil du bli følgt opp gjennom året av skuleprisen sitt sekretariat. Vi arbeider mellom anna for å tilby erfaringsutveksling mellom nye og tidlegare lærarar. Til dømes blir det innlegg frå årets lærarprisvinnar på lærarseminaret 3-4 november. Det årlege lærarseminaret er også ein fin arena der du får møte både heilt ferske og meir erfarne deltakarar i Holbergprisen i skolen. Vidare vil vi også tilgjengeleggjere undervisningsopplegg utarbeidd av tidlegare deltakande lærarar, som kan tene som førebilete og inspirasjon når du skal planlegge deltakinga for deg og dine elevar.