36 spennande oppgåver endeleg i mål

27.04.2016

Kor mykje liknar eigentleg fiksjonsserien "Game of Thrones" på rosekrigane i England på 1400-talet? Korleis hadde Norge sett ut om svartedauden aldri kom? Og korleis påverkar internasjonal terrorisme oss nordmenn i dag? Dette er nokre av spørsmåla elevar ved 12 norske skular har freista finne svar på i årets Holbergprisen i skolen.

Etter månader med interns konsentrasjon kan rundt 450 elevar og 24 lærarar ved 12 norske vidaregåande skular senke skuldrane og puste letta ut. Oppgåvene til Holbergprisen i skolen, som dei har grubla på sidan i haust, er no framme på seniorkonsulent Barbara Wendelbos kontor.

– Det gler meg å sjå breidda i oppgåvene. Mange er utruleg samfunnsaktuelle, og dei som har valt historiske studium har funne spennande tema for oppgåvene sine, seier Wendelbo.

Kvar skule har sendt inn sine tre beste oppgåver, og desse går no vidare til vurdering i fagjuryen ved Holbergprisen i skolen. Den 11. mai vert dei tre finalistane valde ut, og den 8. juni vert det avgjort kven som kjem på første- andre- og tredjeplass av finalistoppgåvene.

Grundig oppfølging

Sidan prisen vart oppretta i 2003 er det kåra 12 vinnarar, men det aller viktigaste resultatet er læringserfaringa kvar skuleklasse som deltek sit att med etter prosjektet.

Etter søknadsfristen 1. oktober vert dei 12 skulane som får delta valde ut, og allereie i november er to lærarar frå kvar skule på plass i Bergen for ein fagdag der metode, forskingsetikk og akademisk skriving står i fokus. Kvar skule får deretter ei forskarkontakt ved eit universitet eller høgskule i sitt nærområde, som gjev elevane rettleiing og oppfølgjing gjennom tre skulebesøk i løpet av skuleåret. I tillegg har Wendelbo sjølv tett kontakt med skulane som deltek, for å sikre at kvar skuleklasse meistrar den krevjande prosessen det er å designe og gjennomføre eigne forskingsprosjekt.

– Målet for Holbergprisen i skolen er å introdusere forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi for elevane, og vise dei kor viktig slik forsking er. Det vi også ser er at den kontakta som vert etablert mellom dei vidaregåande skulane og forskarar held fram etter at prosjektet er over og at forskarane ofte vert inviterte tilbake til skulane for å fortelje om forskinga si, seier Wendelbo.

Verdifull studieførebuing

For elevane som deltek viser erfaringa frå Holbergprisen i skolen seg å vere verdifull lenge etter at vinnaren er kåra.

– Tilbakemeldinga eg får er at Holbergprisen i skolen er eit veldig godt studieførebuande prosjekt. Eg har mellom anna treft fleire studentar her på Universitetet i Bergen som har vore med på Holbergprisen i skolen tidlegare. Dei fortel at erfaringa dei har frå konkurransen er ein stor fordel når dei tek til å studere, seier Wendelbo.

Ærar læraren

I tillegg til elevane sitt engasjement, er lærarane sin innsats heilt avgjerande for at dei 36 oppgåvene har komme i mål. Det er bakgrunnen for at det årleg også vert delt ut ein lærarpris på 15000 kroner til ein av lærarane som har jobba med Holbergprisen i skolen.

– Lærarane gjer ein stor og enormt viktig jobb som vi vil anerkjenne. Difor oppmodar vi lærarane til å skrive ein rapport om arbeidet med Holbergprisen i skolen. Den beste rapporten vert løna med lærarprisen, seier Wendelbo.

Dette er årets oppgåver:

Sniker du? Ungdommers holdninger til sniking på kollektivtrafikk
Åpen russcene i endring
Pengebruk i russetiden
Donald Trump og hans kandidatur i presidentvalget i USA
Utnyttelse av NAV
Hvordan påvirker engelske sosiale medier det muntlige språket til ungdom i Bergen sentrum?
Hvordan forstår ungdom begrepet hverdagsintergrering
Antibiotika - skikk og bruk i Østfold de siste 10 årene
Vareplassering - fungerer det?
Fra tjenestepike til husfrue
"Hun som utfordret ytringsfriheten", om Ayn Rand
Hva førte til emigrasjon til Amerika på 1900-tallet og hvordan gikk det med de som emigrerte?
Hva slags forhold har tilhengere av Den ortodokse kirken og Den katolske kirken til hverandre?
Hvor lik er tv-serien Game of Thrones rosekrigene?
Hvordan ville Norge utviklet seg om Svartedauden aldri inntraff?
Kafékultur. Kan vi snakke om en egen norsk kafékultur?
Variasjon i publikumsadferd
Venteromskultur
Rusbruk blant elevene på Ringerike vgs
Stress i videregående skole
De konverterte fremmedkrigerne
Bruk av sosiale medier for kundekontakt i tre lokale handelsbedrifter i Sogndal
Mobilbruk i timen
Om korleis unge let seg påverka av bloggarar
Den gode eksistens. Forskning på Søren Kierkegaards eksistensialisme
Flinke piker. Om hvorfor jenter presterer bedre på skolen enn gutter
"Hvorfor ønsker ikke alle kvinner barn?" En drøfting om frivillig barnløshet blant norske kvinner.
Når litt surdeig gjennomsyrer hele deigen
 En studie av fellesskapet i Jehovas vitner
"Russ og annet kluss" Om russ i konflikt med loven
Ungdom og utdanningsvalg
Entrepenørskap
Intenasjonal terrorisme. -Hvordan påvirker internasjonal terrorisme nordmenn?
"Person - og relasjonsmakt", med fokus på hvordan elevens repsekt for læreren har endret seg på 60 år
"Odel og gårdsdrift i endring: Gode eller plikt?
Oppvekst under forskjellige situasjoner og levekår

Quislinger blant venndølene - En studie av årsakene til venndølers innmelding i Nasjonal Samling

Desse skulane er med: