Program for Holbergveka 2019

Publisert 25.02.2019
Bli med på feiringa av årets prisvinnarar under Holbergveka, som i år er lagt til 3.-6. juni, i Bergen og Oslo.

Det er lagt opp til ein serie gratis foredrag og andre arrangement med årets Holbergprisvinnar, Nils Klim-prisvinnar og prominente gjestar frå inn- og utland. Sett av datoane alt no. Meir detaljert informasjon om kvar programpost blir lagt til etter at prisvinnarane er kunngjort, den 14. mars.

3. juni, måndag

Nils Klim-seminaret

Fagseminar med innlegg frå årets Nils Klim-prisvinnar og panlediskusjon med inviterte gjestar.

Stad: Ikkje bestemt. Kunngjerast seinare.
Tid: 11:00–13:00

Meisterklasse med Holbergprisvinnaren 

Fem doktorgradsstipendiatar, ein frå kvart av dei nordiske landa, er valgt ut til å delta i ein eksklusiv meisterklasse med årets Holbergprisvinnar.

Stad: Ikkje bestemt. Kunngjerast seinare.
Tid: 14:00–16:00
 

4. juni, tysdag

Holbergsymposiet 

Fire prominente gjestar er inviterte til å halde gjesteforelesingar på Holbergsymposiet, som haldast til ære for årets prisvinnar. Prisvinnar vel eit overordna tema for programmet.

Stad: Universitetsaulaen
Tid: 09:00–13:00

The Holberg Lecture

Forelesning ved årets Holbegprisvinnar

Stad: Universitetsaulaen
Tid: 14.00–15.00

Holbergaften

Ein uformell samtale mellom årets Holbergprisvinnar og Nils Klim-prisvinnar omkring deira erfaringar, forskning, og tankar om samtid og framtid.

Stad: Litteraturhuset i Bergen
Tid: 18:00–19:30

 

5. juni, onsdag

Prisutdeling
Holbergprisen i skolen

Kunngjering og prisutdelingsseremoni for Holbergprisen i skolen. Årets holbergprisvinnar står for utdelinga av diplomar, saman med kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Stad: Bergen Katedralskole, Kong Oscars gate 36
Tid: 10.30–11.30

Prisutdeling
Holbergprisen og Nils Klim-prisen

Forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø deler ut Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Prisutdelingsseremonien og den påfølgjande mottakinga er berre open for inviterte gjester.

Stad: Universitetsaulaen i Bergen
Tid: 14:00–15:00 (Alle gjestar må vere på plass i salen seinast 13:45)
 

6. juni, torsdag (Oslo)

Holberg Laureate Live

Møt årets Holbergprisvinnar i uformell samtale med ein fagfelle.

Stad: Litteraturhuset i Oslo, Wergelandsveien 29
Tid: 18.00–19:15