Kva kan stadsnamn fortelje oss om nær og fjern fortid?

Publisert 17.09.2019
Dato/tid: 
torsdag, september 26, 2019 - 16:15 til 17:45
Sted: 
Auditorium R på Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9
Praktisk informasjon: 
Gratis inngang.
Forstår vi kvifor gatenamna som omgir oss, er som dei er? Kan gatenamna fortelje oss noko om sosiale forskjellar i miljøa vi lever i? Vinnarane av Holbergprisen i skulen 2019 møter fagmiljøet frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB til samtale om forskingsprosess, sosial variasjon i gatenamn og andre stadnamn, og om arbeid med historisk materiale om bybefolkning.

Felicia Wolden Hoel og Silje Haugerud vann Holbergprisen i skolen 2019 med forskingsprosjektet “Gatelangs fra øst til vest: En studie av statusforskjeller blant gatenavnene i Oslo”.  

Prosjektet undersøkjer om gatenamn på vestkanten uttrykkjer høgare status enn gatenamna på austkanten i Oslo, og om det er mogleg å finne eit mønster i namngivning i Oslo si rundt 1000-årige historie. Det imponerande forskingsarbeidet baserer seg på gjennomgang av 2807 gatenamn i Oslo der Felicia og Silje har funne eit klart mønster i Oslo sine gatenamn: Gatenamna på vestkanten har høgare status enn dei på austkanten.  

26. september besøkjer dei UiB for å fortelje om forskingsprosessen sin. Dei møter fagmiljøet frå LLE  og AHKR til samtale om prosess og tematikk, og kva historisk forsking på gatenamn kan seie om sosiale forskjellar då namna vart til.  

Deltakarar 

  • Felicia Wolden Hoel og Silje Haugerud frå Oslo by steinerskole og vinnarar av Holbergprisen i skolen 2019. 
  • Ivar Utne, førsteamanuensis, nordisk språkvitenskap / namnegransking, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) 
  • Ole-Jørgen Johannessen, førsteamanuensis emeritus i nordisk språk, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) 
  • Arne Solli, førsteamanuensis i historie, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).
  • Krister Vasshusstipendiat i stadnamngransking, nordisk språk, Språksamlingane (under Universitetsbiblioteket ved UiB) og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) 
  • Ordstyrar: Ivar Utne,  førsteamanuensis i nordisk språkvitskap og namnegransking ved LLE.

Program

16:15     Velkomen v/ ordstyrar Ivar Utne, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap og namnegransking ved LLE.
16:20     Innlegg ved skuleprisvinnarane Felicia Wolden Hoel og Silje Haugerud
16:35     Panelinnlegg 1: Ole-Jørgen Johannessen. Gatenamn i Bergen fram til 1970
16:45:    Moderert samtale. Parallellar mellom Bergen og Oslo, blant anna i eit sosialt perspektiv.

17:00:    PAUSE  

17:05    Panelinnlegg 2: Arne Solli. Prosjektet Ung i 1865. Solli vil fokusere på korleis elevar kan arbeide med historisk bymateriale.
17:15    Panelinnlegg 3: Krister Vasshus. Sosiale forskjellar mellom gardsnamn.
17:25    Moderert samtale/diskusjon: Korleis kan stadnamn nyttast I forsking for å belyse sosiale forskjellar? Ser vi parallellar I dagens samfunn?  
17:40    Oppsummering/avslutting v/ moderator