Diskursanalyse

Me omgir oss med teikn, tekst og bilete, kanskje meir enn nokon gong før. Alt dette er meiningsberande uttrykk, koder, som på ulikt vis kommuniserer og informerer. Diskursanalyse er ein metode for å forstå desse kodene eller meiningsutrykka. 

29. oktober 2020
Lesetid: 4 minutter

Kva er ein diskurs?

Ein diskurs er eit meiningsfellesskap. Gjennom språk, bilete og teikn gjev me meining til ting, hendingar og institusjonar, men desse uttrykka heng óg saman i overordna strukturar av felles forståing (Foucault 2001).  Ta til dømes omgrepet «norsk». På språkleg nivå fortel «norsk» at noko eller nokon er frå Norge. Det kan vere norske eple eller norske idrettsutøvarar. Det norske flagget er eit teikn som kommuniserer «norsk». Brunost og bunad er også forbundne med noko «typisk norsk», utan at me eingong treng å setje ordet «norsk» framføre. «Norsk» er i så måte ikkje berre eit beskrivande ord, men ein diskurs om kva det vil seie å vere norsk.

Diskurser produserer og utfordrar meining

Som diskurs fungerer «norsk» her som eit meningsfellesskap som også produserer eit nasjonalt, sosialt og kulturelt fellesskap. Men denne diskursen skapar også ei grense for kva som inngår i «det norske» fellesskapet. I boka Eg snakkar om det heile tida, skriv Camara Lundestad Joof (2018) om rasisme, der diskursen «norsk» fungerer ekskluderande for svarte og brune kroppar, og for dei med foreldre eller besteforeldre frå andre land og kulturar. Gjennom å fortelje om sine eigne opplevingar av å verte stempla som unorsk, eller ikkje norsk nok, viser Lundestad Joof oss både at «norsk» er ein diskurs, men også korleis denne diskursen vert omsett til meiningar, tenkemåtar og handlingar som i dette tilfellet skapar kvardagsrasisme. Å analysere diskursar er nettopp dette: å vise fram og utfordre  grensene for det som står fram som ei felles forståing av eit fenomen og kva som står på spel: Kva forstår me som «norsk»? Og kva og kven inngår i diskursen om «me»?

Image
Analysemetodar_farsott
Vi kan analysere eit bilete eller andre visuelle representasjonar på mange ulike måtar. Somme tider er det interessant berre å sjå kva motivet og kva biletet viser heilt konkret, men i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag er vi ofte også ute etter å forstå visuelle metaforar, kva eit bilete står for, og korleis vi ser på biletet. Illustrasjon: Sissel Ringstad, Farsott AS.

Å analysere diskursar

Diskursanalyse er både ein teori og ein metode for å forstå korleis meiningsfellesskap fungerer (Winther Jørgensen og Phillips 1999). Som metode sporar diskursanalyse korleis me produserer meining når me tar språket i bruk, og kva som er meiningsberande i utsegn og uttrykk.

I mitt eige arbeid med diskursanalyse nyttar eg to bilete når eg underviser i kjønnsstudier. Det eine viser ein drill, altså verktøyet ein brukar til å skru, bore og snekre. Eg spør studentane om dei veit kva det er, og får stort sett gode svar: det er ein drill. Det andre bilete, som eg viser like etter, er også ein drill, men den er rosa. No vert det alltid fleire interessante svar, for sjølv om me kan einast om at dette også er ein drill, gjev rosafargen oss ein inngang til å diskutere «rosa» som ein meiningsberande diskurs. Mange meiner at den rosa drillen er meiningsberande for noko «jentete», og derfor må me plutseleg tenke over korleis eit kjønnsdelt arbeidsmarknad og normer for kjønn er noko som angår diskursar om handverkarar og snekring. Nokre studentar peiker også på at den fyrste drillen faktisk også er kjønna, men på ein måte som kommuniserer maskulinitet. Fordi handverkar-bransjen er eit mannsdominert yrke, vert denne nærmast «nøytrale» drillen usynleg som ein kjønna diskurs, mens den rosa løftar det fram. Øvingar som denne gjer at me kan få auge på dei sosiale, normative og kulturelle dimensjonane i språk, utsegn og uttrykk, og forstå samspelet mellom språk, makt og meiningsproduksjon (Neumann2001).

Du kan gjere liknande øvingar i diskursanalyse: gå gjennom norskboka di, og sjå etter korleis til dømes «norsk litteratur» er beskrive og gitt meining, eller få oversikt over alle politiske partiprogram i Noreg, og finn ut korleis dei ulike partia definerer eit fenomen: i politikken er det ofte kamp om å treffe veljarar gjennom meiningsfellesskap.

Memes og makt

Som teori beskriv diskursanalyse korleis meiningsfellesskap ikkje er nøytrale, men nettopp bidrar til å produsere kunnskap (Hellstrand 2019), slik som til dømes den «nøytrale» drillen. I fylgje den franske vitskapsteoretikaren Michel Foucault (2001) er utsegn og uttrykk byggeklossar som set meining og kunnskap i spel. I vår tid er kommunikasjon i form av memes er eit godt døme på slike byggeklossar: korleis meiningsberande uttrykk kan endrast og tilpassast ulike fellesskap. Nokre memes har stor kulturell og politisk innflytelse (Ervik 2022), og er i så måte diskursar som produserer meining og meiningsfellesskap i eit skiftande landskap.

Litteratur og kilder

Ervik, Anderas. (2022). “Mem”. Store Norske Leksikon. https://snl.no/mem

Foucault, Michel. (2001). Seksualitetens historie I: Viljen Til Viten. Oversatt av Espen Schaaning. Oslo: Exil forlag

Hellstrand, Ingvil. (2019). «Å fortelle verden: Donna Haraways tverrvitenskapelige prosjekt». Salongen.no: https://www.salongen.no/16023-2/

Joof, Camara Lundestad. (2018). Eg snakkar om det heile tida. Oslo: Samlaget.

Neumann, Iver B. (2001). Mening, materialitet, makt: En innføring i diskursanalyse. Fagbokforlaget.

Winther Jørgensen, Marianne og Louise Phillips. (1999). Diskursanalyse som teori og metode. Roskilde: Roskilde Universitetsforlag.