Kunngjering for Holbergprisen og Nils Klim-prisen 2020

Torsdag den 5. mars kl. 09:00 kunngjer vi kven som mottek Holbergprisen og Nils Klim-prisen i 2020. Vel møtt til markering i foajeen for Media City Bergen.

Prorektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, ynskjer velkommen og styreleiar for Holbergprisen, Sigmund Grønmo, kunngjer årets prisvinnarar. Under markeringa vil vi òg få høyre leiarane av dei to fagkomitéane lese opp si grunngjeving for tildelinga av prisane.

Det blir musikkinnslag og vi serverer gratis frukost og kaffi i foajén.

Dato

til
Sted
Foajéen, Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, Bergen
Praktisk informasjon
Arrangementet er åpent for alle interesserte. Vi viser arrangementet direkte her på nettsida. Sendinga startar presis kl 09:00.