Tale av Nils Klim-prisvinner Jørn Jacobsen, holdt under prisoverrekkelsen 8. juni 2011

Dykkar Kongelege Høgheit Kronprins Haakon, statsråd Tora Aasland, Ludvig Holbergs minnefond, Nils Klim-prisen sin fagkomité, damer og herrar.

Jacobsen taler

Det er ei veldig stor ære for meg å stå her, framfor Hans Kongelege Høgheit, rektor ved Universitetet i Bergen, dekanus ved fakultet eg soknar til, ministeren for forsking og høgare utdanning, styreformannen i Ludvig Holbergs minnefond, dette året sin Holbergprisvinnar – ein av vår tid sine mest framtredande representantar for den tyske akademiske tradisjonen som eg sjølv har teke slike inntrykk av – og resten av denne æra forsamlinga.

Det gjer òg særleg inntrykk på meg å ta imot Nils Klim-prisen her i Håkonshallen. Dette bygget, der Noreg si fyrste allmenne lov vart utforma, er eit imponerande uttrykk for staten med sin makt og sin autoritet. Samstundes er det Holberg som vi ærar her i dag. Ein av Holberg sine viktigaste intellektuelle prosjekt var nettopp bidraget han gav til naturretten, eit viktig forsøk på å forklare og sette skrankar for makt i eit politisk samfunn. Så Holberg i Håkonshallen er sanneleg eit treffande uttrykk for strafferetten, mitt forskingsfelt. Strafferetten, i noko form eit tilsynelatande naudsynt verkemiddel for eit ordna samfunn, har over lang tid vore det kraftigaste uttrykket for staten sin autoritet og makt, med symbolikk, ritual og ein grunnleggande dimensjon av både moralsk klander og tvangs- og valdsbruk mot nokre av individa i samfunnet. Men det er òg eit fenomen som har ein tendens til å vekse ut over sin eigen rettmessige karakter og det har ei lang historie av sjølv å verte til brutalitet og misbruk, nettopp det som den sjølv freistar å hindre. Såleis er det ei grunnleggande viktig oppgåve å halde strafferetten i si rette form.

Ikkje minst takka vere krav om humanitet og rasjonalitet i strafferetten, sett fram av naturrettstenkarar, opplysingsfilosofar og av strafferettsvitskapen, så har vi kome langt på veg i retning av ein strafferett som ikkje berre vernar individa mot brotsverk, i den grad vi kan sikre oss mot det, men som òg vernar individa mot staten sin maktmisbruk gjennom strafferetten. Men det er eit mistak å tru at oppgåva er avslutta. Det er snarare ei stadig utfordring, gjeve nye sosiale kontekstar, på nytt å gjentolke og forstå den demokratiske rettsstaten sine grunnleggande normer og å omsette desse inn i strafferetten og det komplekse systemet av prinsipp og løysingar som den er samansett av. I dag er dette særleg ei utfordring i konstitueringa av den internasjonale strafferetten som eit viktig verkemiddel for å skape eit globalt politisk samfunn bygd på rettvise og stabilitet, ein prosess der strafferettsvitskapen har ei fundamental oppgåve å fylle.

Eg har freista å gje mitt bidrag til denne gjentolkinga av strafferetten i den demokratiske rettsstaten. Om eg har på noko vis lukkast her, så må eg uttrykke takksemd til forskargruppa i strafferett og straffeprosess på Det juridiske fakultetet her i Bergen, eit forskingsmiljø som har eit klart potensiale til å verte internasjonalt kjend og samstundes òg den viktigaste stemma i den internasjonale diskusjonen for den nordiske strafferetten med si vektlegging av rasjonalitet og humanitet. Mi oppleving av denne forskargruppa som ein veksande familie har ikkje berre å gjere med at mi hustru òg er del av denne.

Eg må òg rette ei varm takk til min rettleiar, professor emeritus Nils Jareborg frå Uppsala, og til leiinga ved Det juridiske fakultetet, representert ved dei to dekanane som eg har arbeidd under, professor Ernst Nordtveit og professor Asbjørn Strandbakken og fakultetsdirektør Eivind Buanes. Alle som har freista veit kva utfordring det er å skulle klatre på skuldrene til kjempar. Det krev tid og innsats, ein møter uventa utfordringar og tilbakeslag, og av og til stoppar det heile opp. Det kan gjere ein vonbroten og krev stundom nytenking og nye vegar å gå. Men samstundes lærer ein på eit særeige vis frå slike vanskar og er best hjelpt vidare med tolmod, tillit og fridom. I så måte har eg vore særdeles heldig å få arbeide under ei leiing som i så stor grad har forstått dette. Støtta eg har fått har utan tvil vore ein conditio sine qua non for at eg star her i dag. Takk for det - og takk til de alle for merksemda.

Dr. Jørn JacobsenVinner av Nils Klim-prisen 2011