Ny lærarrepresentant

27.04.2020

Bli kjend med den nye lærarrepresentanten i Holbergprisen i skolen sin fagjury!

Holbergprisen i skulen er stolte av å kunne presentere det nye jurymedlemmet vårt, Åsne Berge. Ho er avdelingsleiar for studiespesialiserande og samfunnsfag ved Vest-Telemark vidaregåande skule, og har vore med på å utvikle lærarplanen i religionsfaget. No er ho klar for å ta på seg rolla som lærarrepresentant i Holbergprisen i skolen sin fagjury. Her kan du lese om ho og tankane hennar kring prosjektet. 

Kan du fortelje litt om deg sjølv og bakgrunnen din? 

Det meste av utdanninga mi har eg frå Universitetet i Oslo og faga mine er historie, religion, tysk og psykologi. For nokre år sidan tok eg ein master i religion og etikk der eg såg spesielt på kunnskapssyn i lærebøker. Etter det fekk eg vere med på arbeidet med ny læreplan i faget. No blir det spennande å sitje i juryen for Holberprisen i skolen. 

Kva for lærdommar tar du med deg frå arbeidet med læreplanen inn i juryarbeidet? 

Det er nok mykje som ikkje har direkte overføringsverdi, men det var ein spennande prosess å vere med i. Også der kom nokre frå det akademiske miljøet, medan andre av oss arbeidde i skulen. Eg opplevde at alle hadde viktige bidrag i arbeidet.

Kva gler du deg mest til med arbeidet, og kva er du mest spent på? 

Sidan eg er ny i juryen, er det mykje eg er spent på. Sjølve juryarbeidet er ein ting, og så er eg sjølvsagt spent på kva deltakarane har valt å forske på; kva prosjekta handlar om. Det blir spennande å sjå. 

Kva for forventingar har du til prosjekta elevane leverer? 

Eg trur sikkert det blir stor variasjon i innhald og kanskje også i framgangsmåtar. Eg håpar nokon har litt originale problemstillingar og at eg kan bli litt overraska og lære nye ting undervegs. Eg tenkjer at kanskje ein del har ei lokal vinkling på arbeidet sitt og vel å sjå på noko som aktuelt for dei, men vi får sjå. 

Kva vil ein med bakgrunn frå vidaregåande skule tilføre juryen? 

Det kan tilføre noko at eg kjem frå same miljøet som deltakarane, altså vidaregåande skule. Truleg kan eg ha andre perspektiv på noko enn dei som arbeider i eit universitetsmiljø til dagleg. Kva desse kan vere, får vel tida vise. 

Kva for tips har du til lærarar og elevar som deltek i konkurransen? 

Her er det sikkert lurare å spørje dei som har sete i juryen ei stund. Dei veit nok meir om kvar skoen vanlegvis trykkjer. Men det kan kanskje vere eit godt råd å bruke litt god tid på å setje seg inn i forskingsprosessen. Då kan ein unngå nokre feller. Og så er det heilt sikkert lurt å sjå på nokre av prosjekta som har gjort det bra tidlegare og tenkje litt over kva som gjer desse til gode oppgåver.