Årets skulebesøk fullført

Besøk på Elvebakken vgs. Foto: Heidi Ree

Alle skulane som deltek i 2019/2020 har no fått besøk frå Holbergprisen i skolen-sekretariatet

For oss i Holbergprisen i skolen-sekretariatet er det alltid spennande å reise rundt og treffe alle elevane som deltek i prosjektet. I år har vi deltakande elevar frå Longyearbyen i nord, til Kristiansand i sør. På bakgrunn av utvidinga i 2018 har vi i 2018/2019 og 2019/2020 hatt eit rekordhøgt tal på elevar med i konkurransen med opp mot 1000 elevar kvart år. Det betyr at eit stort tal elevar over heile landet får brakt forsking og våre fagområder inn i skulekvardagen sin.  

Skulebesøka er viktige for oss i Holbergprisen i skolen. For oss i sekretariatet gir det høve for å følgje opp lærarane etter at dei har vore på besøk hjå oss i Bergen på det årlege lærarseminaret. På skulebesøka prøver vi å få til eit møte med skuleleiingane på deltakarskulane, for å sikre oss at det skapast eit rom for deltakinga på skulen. Slik prøver vi å forankre prosjektet ikkje berre hos dei aktuelle lærarane, men på heile skulen. Vi ønskjer også å gjere deltakinga kjend internt på skulane for å skape ein “Holberg-kultur” på skulane. Det kan bidra til at fleire lærarar ser moglegheiter for deltaking for sine fag og sine elevar i Holbergprisen i skolen.  

Det aller viktigaste er likevel å møte elevane som deltek. På besøka gir skuleprissekretariatet ein introduksjon til Holbergprisen i skolen, og legg også vekt på å få snakka med alle dei deltakande elevane om prosjekta deira. Typiske tema som diskuterast er ofte:  

  • Samtale om kva tema dei er interesserte i og kva for problemstillingar elevane tenker på 
  • Etiske problemstillingar å ta omsyn til i prosjektet 
  • Om metoden elevane tenker å bruke gir eit godt svar på problemstillinga  

Elevar frå Nadderud vgs. Foto: Hilde Omdalsmoen Fidje

Bilete frå Nadderud vgs. Foto: Hilde Omdalsmoen Fidje.

Besøket frå skuleprissekretariatet vert etterfølgt av besøk frå forskarkontakt(ane) som er tilknytt kvar skule. Vi legg stor vekt på å forsøke å finne forskarkontakter som høver til tema oppgitt i søknaden frå skulane, og elevane sine ønskjer for prosjektet. Det er forskarkontakten som arbeider vidare med elevane og stør dei på vegen fram mot ein ferdig forskingsrapport.  

Dei siste åra har vi sett eit aukande mangfald i fagsamansettingar som søker seg til Holbergprisen i skolen. Det er gledeleg å sjå at lærarane som søker seg til skuleprisen ser moglegheiter i fag så ulike som Klima – og miljøfag (Prøvefag), Teknologi og forskingslære, norsk og historie. Ikkje minst lovar det godt for framtida der tverrfagleg satsing og samarbeid vil verte stadig viktigare, jamfør fagfornyinga.  

Vi ser også at elevane utviser både kreativitet og spennvidde når dei lagar prosjekta sine. Elevane på Longyearbyen vgs. forskar på velferdsstaten, og dei spesielle forholda knytt til dette på Svalbard. Elevane på Nadderud vgs forskar på fleirspråklegheit i skulen, i ein klasse der dei åleine har 10 ulike språk til stades i gruppa. Når vi reiser rundt på alle deltakarskulane, er vi vitne til korleis fagfornyinga sin vekt på kritisk tenking, utforsking og refleksjon kan realiserast innanfor mange ulike fag, og innanfor elevanes eigen kvardag og erfaring. Som alltid er vi i Holbergprisen i skolen spente på å sjå resultatet av arbeidet elevane har lagt ned i løpet av året.