Slik søker du

12.08.2020

Holbergprisen i skolen er i gang med å førebu årets konkurranse, og søknadsskjemaet ligg ope. Les her for å finne ut korleis du kan sende inn søknad for deg og klassen din til Holbergprisen i skolen 2020/ 2021.

Holbergprisen i skolen er ein framifrå moglegheit for deg som lærar og dykk som skule til å oppfylle måla i fagfornyinga. Deltaking i Holbergprisen i skolen legg til dømes til rette for djupnelæring, ved at det å arbeide med forskingsprosjekta over lengre tid, gir elevane moglegheit for fagleg refleksjon, refleksjon over eiga læring, og moglegheit til gradvis å utvikle kunnskap og forståing på nye felt.

For å få delta, må du skrive ein søknad. Juryen vel kvart år ut 20 søknader for deltaking basert på ei rad ulike kriterium, som mellom anna handlar om talet på elevar og lærarar knytt til prosjektet, fagsamansetting i søknaden og tilrettelegging for gjennomføring av prosjektet i undervisninga. I tillegg skal Holbergprisen i skolen være ein nasjonal konkurranse som gir like moglegheiter for elevar over heile landet, og geografi kjem difor også inn som eit utvalskriterium. 

Søk Holbergprisen i skolen 2021

Formalia i søknaden

For å skrive ein søknad er det nokre ting vi treng å vite om deg/ dykk som lærar/ lærarar, og om klassen. Vi treng å vite kven som er kontaktperson(ar), og kor mange elevar det er i klassen/ klassane. Ofte vel lærarar å gå saman på tvers av klassar i samarbeid. Dette kan vere eit svært positivt aktivum for søknaden, då det synleggjer at det er brei undervisningskompetanse i “laget” som skal samarbeide om deltakinga. Til dømes er det ofte fint å kunne ha norsklæraren med seg på laget, særleg når elevane for alvor går inn i arbeidet med å skrive ein forskingsrapport.  

I søknaden kan de til saman vere tre personar knytt til prosjektet, i hovudsak er det lærarar, men det er ofte også ein god idé å knyte til seg skulebibliotekaren/ skulebiblioteket. Vi ser at  skulebibliotekaren kan ha ei komplimenterande rolle til læraren, og kan til dømes ta ansvar for å hjelpe elevane med innhenting av litteratur, søk i databaser, og andre oppgåver der bibliotekaren har spesialkompetanse. 

Søknadsteksten

Kva gjeld søknadsteksten, er det tilstrekkeleg med 2-3 paragrafar. Her skal du skildre din faglege motivasjon for å delta, gjerne ut frå både ditt eige og elevane sitt perspektiv. Vi ønskjer også å høyre noko om kva forventningane dine er til deltakinga. Det er også viktig å få med korleis prosjektet skal gjennomførast på din skule/ i din klasse. Det kan dreie seg om å inkludere kor mykje tid det er satt av til prosjektet, om det skal jobbast i grupper, som klasse, eller individuelt. Det er også fint å få med noko om korleis de tenker å arbeide på tvers av klassane dersom de er fleire klassar involvert i prosjektet.  

Holbergprisen i skolen stiller med både administrativ og fagleg støtte i prosessen, og dekker også alle utgifter knytt til deltaking. Dersom du og din skule blir valt ut til deltaking, vil du/ de også bli invitert til det årlege lærarseminaret. Her vil du få både konkrete tips til forsking, bli kjend med nye så vel som erfarne deltakarar, samt få inspirasjon til deltakinga. Seinare vil de også få besøk av Holbergprisen i skolen sitt sekretariat, og de vil bli tilknytt ein eigen forskarkontakt, som rettleiar elevane i forskinga deira. 

Holbergprisen i skolen ser fram til å sjå din søknad for deltaking 2020/ 2021. Dersom du har spørsmål til søknaden, kan du ta kontakt med skuleprissekretariatet på his@holbergprisen.no, eller direkte til Vivil Valvik Haraldsen (924 44 855) eller Birger Berge (478 14 447) .