Utvikling for deg og elevane dine

Prisutdeling i Holbergprisen i skolen. Foto: Thor Brødeskift
Prisutdeling i Holbergprisen i skolen. Foto: Thor Brødeskift

Søk deltaking innan 1. oktober, og bli med på ei utviklande reise for både deg og elevane dine.

I Holbergprisen i skolen er vi no inne i årets søkarrunde, og du som lærar kan sende inn søknad på vegne av din klasse. Til tross for at årets avvikling var utfordrande i koronaens tid, blei årets runde gjennomført med god og stor innsats frå lærarar over heile landet, og ikkje minst frå elevane, som klarte å levere sine prosjekt i tide. Deltaking i skuleprisen er ein stor moglegheit for deg og din klasse, og ei deltaking kan løysast på mange ulike måtar og i mange ulike settingar. Holbergprisen i skolen dekker alle utgifter i samband med deltakinga. 

Fagfornyinga, kompetanse og kunnskap 

Det komande skuleåret pregast av at fagfornyinga no implementerast i VG1 over heile landet. Deltaking i skuleprisen er ein framifrå måte å innfri mange av dei nye måla på. Til dømes leggast det til rette for djupnelæring ved at elevane får moglegheit til fagleg fordjuping gjennom å arbeide med ei problemstilling over lenger tid. Ved å tre over i ei rettleiarrolle kan du som lærar gi elevane rom til sjølve å reflektere over data, kjelder, omgrep og teoriar, og nytte desse i ulike samanhengar i prosjekta sine. Gjennom arbeidet med problemstilling, teori og metode, skapar elevane eit rammeverk for å bringe fram ny kunnskap, og det utfordrar både elevane sin kreativitet og kritiske sans. Slik blir dei også studieførebudde.  

Deltaking i HiS er også ei investering i din eigen kompetanse og kunnskap. Dette skjer særleg på det årlege lærarseminaret. I år legg vi her særleg vekt på den praktiske analyseprosessen, med innlegg frå professor Trine Anker (MF) og postdoc Magnus Hoem Iversen (UiB). Vi får også besøk av Vidar Enebakk frå dei Nasjonale forskingsetiske komiteane (NESH), som skal gi oss ei innføring i forskingsetikk. Forskingsetikk og medvit kring dette er eit viktig element i overordna del av fagfornyinga, då den slår fast at opplæringa skal gi elevane “[...] evne til å foreta etiske vurderinger og gjøre dem fortrolige med etiske problemstillinger.”  

Gjennom lærarseminaret får du også tid og høve til å utvide nettverket ditt. Hit kjem lærarane frå deltakarskular over heile landet. Det er satt av rikeleg med tid til gruppearbeid og diskusjon på seminaret, så her kan du møte andre lærarar både i eige og andre fagfelt og utveksle erfaringar. I Holbergprisen i skolen er vi medvitne på utfordringa Korona-pandemien skapar, og lærarseminaret og all anna aktivitet i Holbergprisen i skolen vil bli utført etter dei til kvar tid gjeldande smittevernsreglane.  

Kunnskap og forsking i klasserommet 

Deltaking i Holbergprisen i skolen skapar nye moglegheiter for både lærarar og elevar, som skiljer seg frå den vanlege skulekvardagen. Lærarseminaret er første del av oppfølginga for deg som lærar. Seinare vil skulen også få besøk frå skuleprissekretariatet. På desse besøka ønskjer vi å gi elevane ein god introduksjon til deltakinga i Holbergprisen i skolen, og eit medvit om at dei deltek i ein nasjonal konkurranse. Vi vil også introdusere elevane for grunnleggande forsking, og korleis dei skal gå fram i startfasen på prosjekta sine. Besøka kjem oftast i perioden desember til januar, og blir etterfulgt av tre besøk frå ein forskarkontakt. Forskarkontakten er ein akademikar frå ein høgare utdanningsinstitusjon i nærleiken av skulen, som kan hjelpe elevane i forskingsprosjekta sine.  

I tillegg utviklar Holbergprisen i skolen ein ny e-læringsressurs, som vil vere eit digitalt kompendium der nokre av dei beste forskarane på sine felt skriv artiklar om ulike element i ein forskingsprosess. Dette vil bli lansert til lærarseminaret, og vil vere tilgjengeleg for elevane i deira forskingsprosess.  

Lærarprisen 

Elevane vil arbeide med prosjekta sine fram til innleveringsfristen i starten av april, og fram til dette har læraren saman med forskarkontakten eit viktig arbeid i å følgje opp elevane. For Holbergprisen i skolen er det viktig å løfte fram den avgjerande rolla lærarane spelar i deltakinga, og lærarprisen på 20 000 kr går difor kvart år til ein lærar som på best mogleg måte har fungert som ein fagleg ressurs og inspirasjonskjelde for elevane si forsking. Juryen avgjer kvart år kven som får prisen basert på innlevering av lærarrapport.  

Holbergprisen i skolen tek gjerne imot din søknad for deltaking 2020/2021.Dersom du har spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med Birger Berge (Tlf. 478 14 447, birger.berge@uib.no) eller Vivil Valvik Haraldsen (Tlf. 924 44 855, vivil.haraldsen@holbergprisen.no).