Holbergstyret har utpeikt årets prisvinnarar

05.02.2021

Styret for Holbergprisen heldt møte den 2. februar og vedtok då kven som blir vinnarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen for 2021.

Det har vore ein hektisk start på det nye året. Både Holbergkomitéen og Nils Klim-komitéen gjennomførte sine avsluttande møter digitalt i siste halvdel av januar, og no denne veka heldt Holbergstyret sitt årlege vintermøte, der dei blant anna drøfta tilrådingane frå fagkomitéane og fatta endeleg vedtak om kven som skal motta Holbergprisen og Nils Klim-prisen i 2021.

Dette er første gong Kjersti Fløttum er med på å velje prisvinnarar etter at ho tiltrådte som styreleiar for Holbergprisen i fjor sommar. Fløttum er elles òg professor i fransk språkvitskap og medlem av universitetsstyret ved Universitetet i Bergen, samt leiar for styret for Humanistisk fakultet ved NTNU.

Dei andre medlemmane i styret er Knut Olav Åmås, direktør for Stiftelsen Fritt Ord, Lise Rye, professor i europeisk samtidshistorie ved NTNU, Hans Petter Graver, professor ved institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo, Siv Ellen Kraft, professor i religionsvitskap ved UiT Norges arktiske universitet og Torkild Hovde Lyngstad, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO.

Krevjande jobb for fagkomitéane

Holbergkomitéen_alle
Holbergkomitéen, frå venstre: Mary Beard, professor ved University of Cambridge, komitéleiar Graeme Turner, professor emeritus ved University of Queensland, Heike Krieger, professor i rettsvitskap ved Freie Universität Berlin, David Nirenberg, professor i historie ved University of Chicago og Maurice Crul, professor i sosiologi ved Vrjie Universiteit Amsterdam. Crul har fungert som vara for Cui Zhiyuan i 2020.

Holbergkomitéen møttest den 29. januar for å drøfte kandidatane på årets kortliste og bli samde om ei tilråding til styret. Komitéen har hatt ei krevjande oppgåve med å velje ut ein prisvinnar i år. Grunna covid-19-pandemien, blei det vedteke i fjor sommar at nominasjonane frå 2020 òg skulle telle med som aktuelle kandidatar for året etter. Det betyr at komitéen i denne utveljingsprosessen har hatt nesten dobbelt så mange kandidatar som normalt til vurdering, og tilsvarande mange sterke navn på kortlista. Dei kom likevel fram til ei einstemmig avgjersle til slutt.

Kunngjering og feiring

Fagleg leiar for Holbergprisen, Ellen Mortensen, har vore i kontakt med prisvinnarane over telefon i etterkant av styremøtet, og kan melde at båe er svært takksame og glade, og gler seg til å delta under Holbergveka som heidersgjestar i byrjinga av juni, anten feiringa må bli digital, eller kan gjennomførast ved fysisk frammøte.

Følg med på kunngjeringsarrangementet den 5. mars kl 15:00 for å få greie på namnet for årets prisvinnar og høyre fagkomitéen si grunngjeving.