Vi søkjer logistikk- og frivilligkoordinator til Holbergveka 2021

08.03.2021

Vi søkjer ein logistikk- og frivilligkoordinator til Holbergveka 2021. Er du strukturert og likar å jobbe med Excel og lister, men synest samtidig det er spennande å jobbe praktisk med logistikk og arrangement? Då håper vi du vil søke!

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Underprosjekt til Holbergprisen er Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå Norden og Holbergprisen i skolen, ein forskingskonkurranse for elevar i videregånde skule. Holbergveka går av stabelen i Bergen første veka i juni kvart år. Prisvinnarane kjem normalt då til Bergen for å motta sine prisar og delta på ei rekke faglege arrangement, som i hovudsak er opne for publikum. I år vil sannsynlegvis fleire av arrangementa måtte gjennomførast som digitale produksjonar eller hybridarrangement, avhengig av korleis smittesituasjonen utviklar seg.

Som eit ledd i førebuingane til Holbergveka 2021 søkjer vi no ein logistikk- og frivilligkoordinator til teamet vårt. Holbergprisen sitt sekretariat består elles av seks fast tilsette. Vi har kontor på Fastings Minde, Haakon Sheteligs plass 11, ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver

Koordinatoren vil ha ansvar for ei gruppe på 4-8 frivillige. Du vil vere kontaktperson og fungere som bindeledd mellom sekretariatet og dei frivillige, samt ha ansvar for å sette opp arbeidsplanar og koordinere alt arbeidet dei frivillige utfører på ein mest mogleg effektiv måte for å støtte opp om ei vellukka gjennomføring av Holbergveka.

I stillinga inngår også hovudansvar for planlegging og oppfølging av logistikk knytt til dei tilreisande under Holbergveka, samt ein del andre driftsoppgåver, blant anna arbeid med oppdatering av databasar og invitasjonslister og enkle bestillingar.

Arbeidsperioden vil vere frå ca. 12. april til 30. juni 2021. Den totale arbeidsmengda i perioden vil vere på 270 timar, med ein gradvis auke i arbeidsoppgåver og intensitet frem mot sjølve Holbergveka 7. til 10. juni 2021. Frivilligkoordinator kan sjølv vere med på å sette arbeidstida, med utgangspunkt i ca. 16-20 timar i veka, på dagtid. I periodar rundt arrangementsavvikling i slutten av mai og byrjinga av juni må det påreknast 100% arbeidsbelastning og noko kveldsjobbing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Det krevjast normalt vidaregåande opplæring eller fagbrev innan kontorfaget og relevant praksis. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i noen tilfeller kompensere for utdanningskravet

  • Erfaring fra koordinering og planlegging av arrangement.

  • Det er en særskilt fordel om du gode tekniske ferdigheiter og har røynsle med digital arrangementsavvikling.

  • Du vil samarbeide tett med resten av sekretariatet, og det er viktig at du er fleksibel, effektiv og kan jobbe sjølvstendig.

  • God administrativ IT-kompetanse. Særskilt erfaring med Excel og listearbeid kan kome til nytte.

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:

  • Stor grad av fleksibilitet.

  • Hyggelig arbeidsplass med trivelege kollegaer.

  • Erfaring fra en dynamisk og fagleg interessant organisasjon.

  • Stillingen er timelønna i stilling som førstesekretær (kode 1063), LR 10.8 i ltr. 33 – 44 (for tiden kr. 356 100 - 410 400 brutto årlig i 100% stilling) i statens regulativ, etter tjenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Ingrid Ovidia Telle på epost: Ingrid.o.telle@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendast elektronisk via Jobbnorge, her:

Send søknad

Nærare om tilsettingsprosessen her.