Island med på Nils Klim-kartet!

31.10.2016

Kortlista for kandidatar til Nils Klim-prisen 2017 er klar og fagkomitéen godt i gong med sitt arbeid. for første gong er det islendarar blant dei nominerte til prisen.

geografi_prosent_NK 2004-2017.pngNils Klim-prisen blir delt ut årvisst til ein nordisk forskar under 35 år for framifrå bidrag innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss eller teologi.

Det har kome inn i alt 10 nominasjonar til Nils Klim-prisen i 2017, og for første gong er det islendingar blant dei nominerte. Fagleg er det flest kandidatar frå humaniora og samfunnsvitskapane, men òg ein kandidat frå teologi.

Besøk til Island og Finland i 2016

Vinteren 2016 var Holbergsekretariatet på besøk både på Island og i Finland for å informere om Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Først på planen var møtet på Den norske ambassaden i Helsinki 29. januar, der Elina Vuola heldt innlegg med tittelen "Excellent, effective and extraordinary? Humanities, the university and young scholars today".

Møtet i Reykjavík fann stad den 2. februar på Nordens hus ved Háskoli Islands. Her presenterte styreleiar Sigmund Grønmo Holbergprisen som organisasjon, komitéleiar Frans Gregersen presenterte Nils Klim-prisen, og til slutt heldt Dr. Eirikur Smari Sigurdarson frå Humanistisk fakultet ved Háskoli Islands eit innlegg om korleis ein kan gjere Nils Klim-prisen meir kjend og sikre nominasjonar frå Island i framtida.

Det er gledeleg å sjå resultat av desse tiltaka i årets nominasjonstatistikk.

Fagkomitéen i arbeid

Fagkomitéen for Nils Klim-prisen er no godt i gang med å gå gjennom årets nominasjonar og har blitt samde om ei kortliste for årets kandidatar. Komitéen vil møtast i Bergen i midten av januar. På dette møtet vil dei formulere si innstilling til styret. Holbergstyret vel Nils Klim-prisvinnar på bakgrunn av komitéen si tilråding.

Kven som blir Nils Klim-prisvinnar 2017, blir kunngjort den 14. mars kl 09:00 under ein seremoni på Bibliotek for humaniora ved Universitetet i Bergen. Arrangementet blir direkteoverført på nettsidene.

Nye muligheter for å nominere i 2018

Alle vitskapleg tilsette ved forskingsinstitusjonar eller akademi kan nominere kandidatar til Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Veit du om ein aktuell kandidat? Meir informasjon om nominasjonsprosessen for Nils Klim-prisen 2018 finn du på denne sida. Skjemaet blir lagt ut i slutten av november.