Nils Klim-komitéens anbefaling klar

Nils Klim-komitéen i arbeid, 21. januar, ved Háskoli Islands. Frå venstre: Dorthe Staunæs, Ástráður Eysteinsson, Lars Magnusson, Tone Sverdrup og Auli Vähäkangas. Foto: Hjørdis Maria Longva

Nils Klim-komitéen heldt sitt årlege møte i Reykjavik tidlegare denne veka, og er no klare med si innstilling på kven som bør vinne Nils Klim-prisen i 2020.

Nils Klim-komitéen møtest tysdag den 21. januar, på Háskoli Islands i Reykjavik for å drøfte årets kortliste. Med kandidatar av gjennomgåande høg kvalitet og og svært ulike akademiske bakgrunnar, har dei fem komitémedlemmane hatt ei krevjande jobb i å utpeike kven som skal bli Nils Klim-prisvinnaren for 2020. På møtet blei komitéen samde om si innstilling, som vil bli lagt fram for Holbergstyret i byrjinga av februar.

Kunngjering 5. mars

Kunngjeringa for Holbergprisen 2020 og Nils Klim-prisen 2020 finn stad torsdag den 5. mars, kl. 09:00 på Media City Bergen. Arrangementet er ope for alle interesserte og blir direkteoverført via strømming på Holbergprisens youtube-kanal og nettsider.

Nils Klim-komitéen

For å sikre at alle nominasjonane blir gjenstand for grundig og rettvis vurdering er Nils Klim-komitéen sett saman med tanke på å sikre størst mogleg fagleg og geografisk breidde. Dei fem komitémedlemmane kjem frå kvart sitt nordiske land, og er alle anerkjende forskarar innan eit av fagfelta som prisen dekkjer. Kvart komitémedlem blir i utgangspunktet valt inn for ein periode på 3 år, med høve for gjenval.

Leiar for komitéen er Tone Sverdrup, professor ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo. Dette var elles det første møtet for islandske Ástráður Eysteinsson og finske Auli Vähäkangas, som tok over stafettpinnen etter sine forgjengarar i komitéen Vilhálmur Árnason og Elina Vuola, sommaren 2019.

Nils Klim-symposium om semje og usemje

Finnur Dellsén og dei andre innleiarane frå Nils Klim-symposiet.
Boaz Miller, Kirsten Intemann, Deborah Tollefsen, Dunja Šešelja og Finnur Dellsén var hovudinnledere på Nils Klim-symposiet ved Nordens hus, mandag 20. januar. Foto: Hjørdis Maria Longva

Dagen før komitémøtet var fjorårets Nils Klim-prisvinnar Finnur Dellsén, vertskap for fagsymposiet: Consensus and Disagreement: Perspectives from Social Epistemology and Philosophy of Science ved Nordic House. Dellsén og fire andre filosofar: Kirsten Intemann, Boaz Miller, Deborah Tollefsen og Dunja Šešelja presenterte forsking på ulike aspekt ved korleis vi kan forstå semje og usemje på eit epistemologisk grunnlag og kva for konsekvensar dette har for det politiske og sosiale samspelet mellom menneske.

Kvifor er så mange av oss stadig usikre på om klimaendringane er menneskeskapte, når ein så stor majoritet av forskarane på feltet er heilt samstemde. Kva er dei vesentlege skilnadane mellom å ha meiningar eller kunnskap som einskild individ og som del av ei gruppe? I kva kontekstar er usemje mellom forskarar ein ressurs som må takast vare på. Dette var nokre av spørsmåla som blei belyst gjennom dagen. Finnur Dellsén sitt innlegg: Consensus and Marginal Dissent: A Social Epistemology for the 97% vil bli lagt ut som videoklipp og podcast snarleg.

Nominer ein kandidat til Nils Klim-prisen 2021

Alle vitskapeleg tilsette ved universitet, akademi eller andre forskningsinstitusjonar kan nominere kandidatar til Nils Klim-prisen. Nominasjonsskjemaet for 2021 er no opna. Fristen for å nominere kandidatar er den 15. juni kvart år. Aktuelle kandidatar til Nils Klim-prisen er yngre nordiske forskarar under 35 år innan fagfelta humaniora, samfunnsfag, juss og teologi.