Ung forsking og norsk språkutvikling

Illustrasjon: Elin Haugum

Ditchar ungdomane norsk til fordel for engelsk? Korleis kan ein forska på språkkulturen til unge? Vinnarane av Holbergprisen i skulen 2018 møter fagmiljøet frå nordisk ved UiB til samtale om forskingsprosess, språkkultur og framtida til det norske språket.

Elin Haugum, Emilie Jensen og Adele Felicia Ellingsen-Grønningsæther ved Heggen vidaregåande skule i Troms vann Holbergprisen i skolen 2018 med forskingsprosjektet "Norsk holder 'basically' på å dø ut".

Prosjektet undersøkjer ungdomar sin aukande bruk av engelske ord og uttrykk i kvardagsspråket. Her analyserer elevane korleis dugleik i norsk og engelsk varierer med medievanar, kjønn og studieretning. Eit overraskande funn er at mange av ungdommane i studien las raskare, og med betre leseforståing, på engelsk enn på norsk. Resultata indikerer òg at relativt fleire gutar enn jenter las engelsk betre enn dei las norsk.

27. september vitjar dei UiB og fortel om forskingsprosessen sin. Dei møter fagmiljøet frå nordisk til samtale om prosess og tematikk.

Deltakarar:

Adele Felicia Ellingsen-Grønningsæther, Emilie Jensen og Elin Haugum frå Heggen vgs og vinnarar av Holberprisen i skulen 2018

Oddrun Samdal, viserektor for utdanning

Marie Lund, student ved lektorprogrammet i nordisk, sosiolingvistikk

Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier og professor i nordisk språk

Agnete Nesse, førsteamanuensis i nordisk språk

Ordstyrar: Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språk
 

 

 

 

 

Dato

til
Sted
Sydneshaugen skole, auditorium A