Her er deltakarskulane til Holbergprisen i skolen 2019/2020

Publisert 04.10.2019
20 skular er no valt ut som deltakarskular i eit nytt forskingsår med Holbergprisen i skolen.

Holbergprisen i skolen har fått mange sterke søknadar i år, og det er tydeleg at det er stor interesse kring konkurransen ute i skule-Noreg. Alle landets regionar inkludert Svalbard er representert i søknadsmassen. Den store søkarmassen gjer at skuleprosjektet også i år kan ha 20 deltakande skular, jamfør den auka tildelinga i 2018 der deltakartalet gjekk frå 12 til 20. Juryleiar Mette Andersson uttaler at: “Det er fint å sjå at Holbergprisen i skolen ser ut til å inspirere stadig fleire lærarar til forskingsbasert undervisning og elevarbeid i norsk vidaregåande skule.”

Fagjuryen for Holbergprisen i skolen har no valt ut kva for skular som får vere med i konkurransen. I utveljinga har ein gjort ei heilskapleg vurdering ut ifrå geografisk spreiing og kvaliteten på søknaden, samt eit ønskje om å balansere mellom gjengangarar og skular som deltek for første gang. Søkarane sin motivasjon for å vere med er òg vektlagd. Juryleiar Andersson peikar på at: “Mange skoler har sterke søknadar om å få være med, og nokre skriv endåtil om skulene sine som “Holberg-skular”. 

Følgjande 20 skular har blitt valt ut som deltakarar i 2019/2020:

  • Longyearbyen videregående skole
  • Kongsbakken videregående skole
  • Oppdal videregående skole
  • Fagerlia vidaregåande skule
  • Firda vidaregåande skule
  • Bergen katedralskole
  • Nordahl Grieg videregående skole
  • Voss gymnas
  • St. Olav videregående skole
  • Vågsbygd videregående skole
  • Thor Heyerdahl videregående skole
  • Malakoff videregående skole
  • Drømtorp videregående skole
  • Lillestrøm videregående skole
  • Vestby videregående skole
  • Oslo handelsgymnasium
  • Elvebakken videregående skole
  • Kongshavn videregående skole
  • Nadderud videregående skole
  • Drammen videregående skole

Lærarseminar i Bergen

Inntil tre lærarar frå kvar deltakarskule vert inviterte til eit todagars fagseminar i Bergen den 6.-7. november, under leiing av Holbergprisen i skolen sin fagkonsulent Hans Jacob Ohldieck. Årets seminar har fått tittelen “Metode, etikk og samfunn”, og ser mellom anna nære på korleis samfunnsendringar bringer med seg etiske utfordringar, til dømes i høve klimaspørsmålet. Vinnarane av lærarprisen for 2019, Sverre Bjørnstad og Marit Frydenlund, kjem for å dele sine erfaringar frå deltakinga i skuleprosjektet. I tillegg vil skuleprisens sekretariat fortelje om prosjektets innhald, forventningar og fristar. Målet er at lærarane får kunnskap og idear til korleis dei kan nytte Holbergprisen i skolen som eit verktøy til å oppfylle måla i læreplanen om mellom anna djupnelæring. Her vil det også bli gitt innføring i ulike metodar innanfor samfunnsfaga og humaniora, og det vert gitt døme og innspel til korleis elevane kan gå fram når dei skal forske.

Skulebesøk og forskarkontaktar

I etterkant av lærarseminaret vil Holbergprisen i skolen sitt sekretariat besøke alle skulane. Her vil det bli gitt ein presentasjon om prosjektet for elevane, samt at vi vil svare på spørsmål og høyre elevane sine tankar kring tema for forskingsprosjekta. Det vil også knytast ein forskarkontakt til skulen. Dette er ein forskar frå ein høgare lærestad i nærleiken av skulen som mellom anna vil gi elevane ei innføring i forskingsmetodar. Forskarkontakten kan hjelpe elevane til å lage gode forskingsspørsmål, reflektere over metode og etikk, innspel på elevane sine analysar, og hjelpe til med skriveprosessen.

Innlevering og utveljing

Elevane arbeider med prosjekta gjennom heile året fram til innleveringsfrist 1. april, da kvar skule sender inn tre elevrapportar til Holbergprisen i skolen sin fagjury. Juryen veljar ut tre finalistar, som vert inviterte til Bergen som gjestar under Holbergveka i 2.-4. juni, der dei heidrast saman med mottakarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Kven som får 1., 2., og 3. pris vert ikkje avslørt før forskings- og høgare utdanningsminister Jan Tore Sanner deler ut skuleprisen på ein eigen seremoni på Bergen katedralskole. Her vert også årets lærarpris delt ut som ei viktig anerkjenning av lærarens viktige rolle som sentral fagleg ressurs og inspirasjonskjelde i arbeidet med å skape interesse for forsking hjå elevar i den vidaregåande skulen.

Søk igjen neste år

Sjølv om ein stor søkarmasse også betyr at ikkje alle søkarane kan delta frå år til år, ønskjer Holbergprisen i skolen å nå endå breiare ut neste år: “Det er avgjerande for prisens legitimitet at elevar og skular frå nord til sør, og frå vest til aust, får moglegheit til å delta i denne forskingskonkurransen.” påpeikar juryleiar.