Tid for å søke!

11.11.2019

Holbergprisen i skolen mottek i desse dagar søknadar frå heile landet, og sender du inn ein søknad kan akkurat din skule og din klasse bli ein del av konkurransen i 2019/2020. Deltakinga strekker seg frå oktober til april, og under holbergveka i juni vert det annonsert av kunnskapsministeren kva for prosjekt som vert premiert med høvesvis 30.000 kr, 20.000 kr, og 10.000 kr.

Søknadsfristen er 1. oktober. 

Søknadsskjema: Holbergprisen i skolen 2020 

Det er Holbergprisen i skolen sin fagjury som avgjer kva skular og klassar som vert med i konkurransen. Det er ei rad kriterium som stillast til ein søknad, men det er ikkje naudsynt at søknaden er særleg lang eller komplisert. Kort oppsummert treng vi frå deg som lærar: 

Litt om motivasjon for deltaking.  

Ein realistisk og god plan for gjennomføring.  

Nøkkeltal som talet på involverte lærarar, tal på elevar i klassen/ klassane, og timetal i faga til disposisjon. 

Særleg kan kanskje punkta om motivasjon og praktisk gjennomføring synest vanskeleg å skrive om. Her kan du lese litt om kva søkarskulane i fjor trakk fram med tanke på motivasjon og gjennomføring i deira søknadar. For deg som lærar kan deltaking i Holbergprisen i skolen vere ein ypparleg måte å oppnå måla i fagfornyinga på, særleg med tanke på djupnelæring. Fleire av søknadane trekk fram nettopp dette.  

Motivasjon 

Fleire av fjorårets søkarar trakk fram moglegheita til å delta i eit stort prosjekt i fellesskap i klassen. I skuleprosjektet ser vi at elevane ofte vert ekstra motiverte av å delta i ein nasjonal forskingskonkurranse. Oftast gjennomførast prosjektet i mindre grupper eller som individuelle oppgåver i klassene, som gir ein konkurranse også innad i klassen som synest å motivere elevane ekstra.   

Deltaking i konkurransen vart også framheva av mange av fjorårets søkarar som eit høve til å vise elevane at det er mogleg å gjere karriere i – og forske på – humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Dette er særleg viktig i ei tid der realfaga og “prestisjeutdanningar” ofte får mest merksemd. Deltakinga skaper auka engasjement og kunnskap om desse faga hjå elevane.  

Kontakt med forskarar og høgare lærestader i nærleiken trekkast fram som ein viktig faktor for å kunne auke elevane sin motivasjon og innsats. Deltaking gir elevane ein smak av forskarkvardagen, og kan motivere dei for – og gjere dei kjende med – akademia.  

Framfor alt trekkast den annleis arbeidsmåten Holbergprisen i skolen inviterer til fram som positivt og spennande. Prosjektet inviterer elevane til å lage ei problemstilling dei sjølve er interesserte i, og følgje dette opp med planlegging og utføring. Læraren si rolle blir dermed meir å vere ein rettleiar enn ein lærar, noko som er trekt fram som god motivasjon for både lærarar og elevar.  

Gjennomføring 

God planlegging er avgjerande for å få godt utbytte av prosjektet. Her er læraren si rolle viktig, og det er fleire ting som kan vere positivt og viktig å ha tenkt igjennom allereie ved innsendinga av søknaden.  

Mange lærarar syner til timetalet tilgjengeleg innanfor faga det søkast i, og korleis desse er tenkt organisert. I mange tilfelle vel lærarane å dedikere timar innan vanleg timeplan til prosjektet, medan andre organiserer dedikerte fagdagar. Arbeidet kan leggast opp på ulike måtar. Til dømes vel enkelte skular å gjere dette i form av interne seminar der gruppene presenterer prosjekta for kvarandre og gir tilbakemeldingar. Det gir elevane god trening i å evaluere eige og andre sine prosjekt, og fellesskap finne fram til gode måtar å løyse problem på, samt øve seg på å gi og ta imot konstruktiv kritikk.  

Ofte arbeidast det tverrfagleg slik at eit større timetal vert tilgjengeleg, til dømes ved å kombinere samfunnsfag/historie med norsk. Å vise ønskje om å jobbe tverrfagleg og ha ein plan for dette, vurderast som positivt av Holbergprisen i skolen. Ofte ser vi at det tenkast for smalt med tanke på kva som kan vere relevante fag. Til dømes søkast det lite med norskfaget, som er høgst relevant for problemstillingane som kan belysast innanfor skuleprosjektet. Norsklærarane ved skulen kan uansett også nyttast som ein viktig ressurs i arbeidet med Holbergprisen i skolen, særleg når det kjem til skrivinga av elevrapporten. Elevane er oftast ukjende med å skrive ei oppgåve av eit so stort omfang, og har behov for rettleiing her.  

Skulebibliotekaren får også ofte ei viktig rolle å spele i prosjektet. Bibliotekaren kan ofte hjelpe både lærarar og elevar med å hente fram kjelder, assistere elevane i å skaffe seg oversikt over relevante forskningsfelt, hjelp til å finne fram i arkiv, osv. Det er positivt for søknaden om det leggast vekt på å gi arbeidet ei solid forankring i lærargruppa. Ofte er det mykje kunnskap og kompetanse allereie til stades på skulen. Kanskje nokon har arbeidd innan forsking, kanskje nokon er framifrå på skriving eller planlegging, eller er særs gode på å motivere elevane til innsats. Vi ser ofte at nokon av dei mest vellukka prosjekta er dei som klarar å skape entusiasme både i lærargruppa og hjå elevane, samt at ressursane på skulen og i nærleiken utnyttast på ein god måte.  

Ved deltaking vil skulen få tilknytt ein forskarkontakt, til dømes ein stipendiat frå ein høgare lærestad i nærleiken av skulen. Ofte er det positivt å også nytte andre liknande ressursar. Kanskje har du som lærar allereie kontaktar i det høgare utdanningssystemet? Og kanskje er det gode museum i nærleiken som kan hjelpe til med å belyse problemstillingane elevane finn fram til.