To veker att til søknadsfristen

11.11.2019

Søk innan fristen 1. oktober, og gi elevane dine sjansen til å forske på eit sjølvvalt område innanfor humaniora, rettslære, teologi og samfunnsvitskapane. Dette er ein moglegheit for fagleg utvikling både for deg som lærar og for elevane dine.

Førebu elevane på vidare studiar

Den nasjonale forskingskonkurransen Holbergprisen i skolen gir elevane dine høve til å prøve seg på eit lite forskingsprosjekt dei sjølve utarbeider, med støtte frå Holbergprisen i skolen og etablerte forskarar. Overgangen frå vidaregåande skule til universitet og høgskule er krevjande for mange elevar, og deltaking i eit prosjekt som dette kan gjere overgangen lettare. Deltaking øver elevane i å reflektere over eiga forståing og eigen læringsprosess, og lærer dei om korleis kunnskap blir til. På denne måten blir det plass til djupnelæring i den vanlege skulekvardagen. 

Konkurransen startar med læraren

På bakgrunn av søknadane som kjem inn, vert det valt ut inntil 20 deltakarskular kvart år. Det er lærarane som sender inn søknaden på klassen sine vegne. Somme lærarar diskuterer søknaden med elevane i forkant, medan andre tek opp deltakinga med elevane etter at skulen har fått tilbod om å få med. Lærarane vel ofte å samarbeide på tvers av fleire klassar, slik at klassar i til dømes rettslære og historie arbeider saman gjennom året. 

Holbergprisen i skolen gjennom året

Dersom skulen vert valt ut som deltakar, kan inntil tre lærarar/ bibliotekarar eller andre involverte i prosjektet melde seg på lærarseminar i Bergen den 7. og 8. november. Årets lærarseminar har fått tittelen "Vitskap, etikk og samfunn", og vil ha eit program med fokus på etiske spørsmål som er relevante for deltakarane i Holbergprisen i skolen, mellom anna med tanke på klimaspørsmål og utviklinga av det fleirkulturelle samfunnet. Også generelle sider ved forskingsprosessen som struktur og metodiske problemstillingar vert diskutert. 

Etter lærarseminaret vil skulen få besøk av Holbergprisen i skolen sitt sekretariat etter avtale. Her vil vi halde ei introduksjonsførelesing som set i gang prosjektet og forklarar elevane kva dei no er med på. Ved besøket vil det bli høve til å spørje om tema, om korleis prosjektet vert organisert, osv. 

Etter besøket frå sekretariatet, vil skulen få besøk av ein forskarkontakt. Dette er ein fagperson frå ein høgare lærestad i nærleiken av skulen. Forskarkontakten følgjer opp elevar og lærarar med tre besøk gjennom deltakingsperioden. Forskarkontakten kan mellom anna hjelpe med alle spørsmåla som melder seg i byrjinga av arbeidet: Korleis kan vi finne svar på det vi lurer på? Kva er eigentleg eit godt forskingsspørsmål? Kva er - og korleis gjer vi - etiske vurderingar om til dømes innsamling av data? Korleis veljer vi forskningsmetodar som høver til prosjektet, og korleis går vi fram for å analysere funna vi gjer på ein god måte? 

Ein annleis skulekvardag

Samarbeidet med forskarkontakten og det at elevane arbeider med eigne prosjekt, gir grunnlag for ei anna oppleving av læring enn det elevane får i den vanlege skulekvardagen. Elevane kan enten arbeide i grupper eller individuelt. I denne prosessen bør læraren sjå på både elevane sine føresetnader for samarbeid, deira eigne ønskjer og kva som let seg gjennomføre ut frå elevane sin situasjon og motivasjon. Det kan til dømes vere lurt at elevane vel grupper ut frå kva dei ønskjer å skrive om, heller enn ut frå kven dei kjenner best i klassen. 

Kvifor delta?

Deltaking i Holbergprisen i skolen gir elevane høve til å jobbe med fag på ein annleis måte. Dette er veldig motiverande for mange, og gir dei moglegheit til å ta ansvar for eiga læring. Deltaking kan gi umotiverte elevar ein ny giv ved at det vert eit fint avbrekk frå den vanlege skulekvardagen, samt motivere fagleg sterke elevar med nye utfordringar. Framfor alt legg deltaking i Holbergprisen i skolen til rette for djupnelæring jamfør fagfornyinga, og førebur elevane for vidare studium på høgskule- og universitetsnivå. 

Lær meir

På nettsidene våre kan du sjå nærare på kriteria for ein søknad og søknadsskjemaet, samt sjå alle tidlegare finalistprosjekt tilbake til 2006. Du kan også sjå på litt av kva forårets lærarar inkluderte i sine søknadar. Dersom du har spørsmål til oss, kan du ta kontakt direkte med Holbergprisen i skolen sitt sekretariat ved å skrive til his@holbergprisen.no