Sterke søknader til Meisterklasse

Publisert 28.04.2016
20 PhD-stipendiatar frå alle dei fem nordiske landa har søkt om å få delta på Meisterklasse med årets Holbergprisvinnar Stephen Greenberg under årets Holbergveke 6.-9. juni.

– Søknadane vi har fått inn i år held eit høgt fagleg nivå, samstundes som det er imponerande breidde i fagbakgrunnane til dei ulike søkarane. Det er ein utruleg styrke, men det gjer sjølvsagt jobben vår med å velje ut dei fem som får komme til Bergen krevjande, seier Ellen Mortensen, fagleg leiar ved Hoblergprisens sekretariat i Bergen.

Dei som varer lengst

Meisterklasse-arrangementet dei 20 ønskjer å delta på skal dreie seg om opphavsforteljingar, eller "Origin Stories". Dette er også tematikken for Greenblatts nyaste bokprosjekt.

– Eg er fascinert av forteljinga om Adam og Eva, og det utruleg lange livet denne historia har hatt. Den har tent som opphavsforteljing, sanninga om det melleskelege opphavet for jødar, kristne og muslimar, og er framleis det for millionar av menneske, sjølv om mange av oss veit at frå eit vitskapleg perspektiv, så kan ikkje historia vere bokstaveleg sann. Dei forteljingane som varer ved er dei forteljingane som vi ikkje klarer å gripe, men som samstundes betyr mest for oss. Vi er eit mysterium for oss sjølve som art, seier Greenblatt.

Flest frå Finland

Søkartala viser at denne tematikken fenger jamt i heile Norgen. Aller sterkast stiller Finland, med heile 9 søkarar. Sverige og Island er også godt representert. Færrast søknader er i år komme frå Norge og Danmark. Å få flest mogleg søknader er likevel ikkje målet i seg sjølv. Kvaliteten må vere på plass.

– I år har vi fått inn sterke søknader frå alle dei nordiske landa, og det er vi utruleg godt fornøgde med, seier Mortensen.

Kven som kjem til Bergen for å delta på Meisterklasse med Stephen Greenblatt vert gjort kjent dei neste vekene.