Kvart år inviterer vi elevar ved dei vidaregåande skulane i landet til å forske i dei humanistiske og samfunnsvitskaplege skulefaga. Lærarane søker om at klassen/klassane deira skal få delta. På denne sida har vi samla informasjon for elevar som skal delta, men ressursane vil vere nyttige òg for andre som skal gå i gang med eit forskingsprosjekt saman med klassen sin.

Kva går deltakinga ut på?
Kort fortalt betyr deltaking i Holbergprisen i skolen å gjennomføre eit forskingsarbeid innafor dei humanistiske og samfunnsvitskapelege faga. I vidaregåande skule inkluderer dette programfag som sosiologi og sosialantropologi, politikk og menneskerettar, historie og filosofi, idrett og samfunn, design og berekraft eller mediesamfunnet, og fellesfag som samfunnskunnskap, norsk, historie, engelsk eller religion og etikk. Humaniora er ifølgje Store norske leksikon alle fag “som studerer uttrykk for menneska sine evner til å forstå, utforske og forme dei åndelege og materielle vilkåra for sine liv.” (Slaattelid, R.T., 2025)
De elevar kan jobbe åleine eller i grupper, eller samen med heile klassen. De kan i stor grad velje kva for tema de vil forske på, men det kan hende at læraren vil gjere nokre avgrensingar med tanke på skulefaget de deltek med.
De står i utgangspunktet fritt til å velje kva for vitskapleg metode de vil bruke, så lenge de følgjer akademisk tradisjon. De skal bruke vitskapeleg metode, følgje forskingsetiske retningslinjer og skrive ein akademisk tekst kor de skildrar prosjektet og analyserer funna dykkar.
Forskinga skal formidlast i ein rapport på ca. 15 sider. Dei tre beste rapportane frå kvar skule blir sende inn til Holbergprisen i skolen sin fagjury, som avgjer kven som kjem på første-, andre- og tredjeplass i konkurransen. Fagjuryen består av forskarar frå universitet og høgskular, i tillegg til ein lærarrepresentant. Vinnarane av konkurransen mottar 30.000 kr for førsteplassen, 20. 000 kr for andreplassen og 10.000 kr for tredjeplassen. I tillegg blir dei inviterte til å delta på Holbergveka i Bergen. Her vil dei bli feira saman med mottakarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen.
Undervegs i arbeidet vil de få besøk frå Holbergprisen i skolen sitt sekretariat. I tillegg blir kvar skule tildelt ein eller fleire forskarkontaktar. Desse forskarane kjem på tre besøk for å rettleie og hjelpe dykk gjennom alle fasar av forskingsprosessen. Dette kan de lese meir om under.
Kva kan vi hjelpe deg med?
Skulebesøk
Når de skal starte opp med prosjektet, kjem vi i Holbergprisen i skolen sitt sekretariat på besøk til skulen dykkar. Då vil vi forklare nærare kva som blir forventa av dykk, og vil svare på alle spørsmåla de måtte ha. Vi i sekretariatet er òg tilgjengelege for spørsmål på e-post og telefon gjennom heile prosjektperioden, både for dykk elevar og for lærarane dykkar. Kontaktinformasjonen vår finn de nedst på denne sida.
Forskarkontakt
Etter kvart som de kjem i gang med arbeidet, vil de få tildelt ein forskarkontakt. Hen er ein etablert forskar frå eit universitet, ein høgskule eller ein annan forskingsinstitusjon i nærleiken av skulen dykkar. Forskarkontaktane held på med forsking innanfor det same faget som de deltek i konkurransen med, og kjem på besøk til skulen tre gongar for å rettleie dykk i arbeidet.
Nettressursar
På sidene til Holbergprisen i skulen finn de tilpassa informasjon for dei ulike fasane av forskingsarbeidet. Her kan de lese meir om korleis de bør gå fram, om ulike vitskapelege metodar, om forskingsetikk, om å skrive ein akademisk tekst, og mykje meir. De finn ei lenke til desse forskingsressursane under her:
Velkommen som forsker
Vi har laget en ressurssamling for å hjelpe deg med å navigere forskningsprosessen på en god måte, fra idé til ferdig prosjektrapport.

Vi har òg laga ein database kor de kan søkje opp og lese alle elevrapportane som tidlegare har kome til finalen i Holbergprisen i skolen. Du kan filtrere søket ditt etter metode, tema, skolefag og/eller år.

I forskningsarbeidet er det mye å lære fra å se på hvilke innfallsvinkler og valg andre har tatt. I prosjektdatabasen vår finner du alle elevprosjektene som har vunnet enten første-, andre- eller tredjeprisen i Holbergprisen i skolen gjennom tidene. Du kan filtrere søket ditt etter metode, tema, skolefag og/eller år.
Tips og råd for oppstarten
Bruk ressurspersonane du har rundt deg. Det er mange som har erfaring med denne type arbeid. Spør dei om råd når du står fast.
- Lærarane på skulen din kan mykje om faga sine. Dei fleste av dei har òg skrive ei masteroppgåve, så dei veit litt om korleis ein bør gå fram for å løyse ei slik oppgåve som du no går i gang med.
- Bibliotekarane i skulebiblioteka er ekspertar på kjeldesøk og kjeldekritikk. Dei har òg oversikt over alle dei ressursane som finst i dykkar eige skulebiliotek. Ofte kan det vere lurt å begynne i dei fysiske bøkene og ikkje dei digitale når du skal setje deg inn i eit nytt tema.
- Familie og vener kan ha relevante erfaringar som du kan dra nytte av.
Førebu deg godt før du møter opp til rettleiing, anten med lærar, skulebibliotekar eller forskarkontakt. Tenk igjennom kva du treng hjelp med, peik ut det du synes er vanskeleg og førebu spørsmål. Da får du mykje større utbytte av rettleiinga.
Kjelder og vidare lesing
Slaattelid, Rasmus Tore: humaniora i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. juli 2025 frå https://snl.no/humaniora