
Holbergprisen ynskjer å invitere fem nordiske doktorgradsstipendiatar til Bergen den 4. juni, for å delta i mesterklasse med holbergprisvinnar Cass Sunstein. Temaet for diskusjonen er “What to do about Human Error?”
Nordiske doktorgradsstipendiatar kan no søke om å delta i meisterklasse med holbergprisvinnar Cass Sunstein, måndag den 4. juni, 14.00-16.00. Utgifter til transport og opphald vil bli dekt av Holbergprisen, og dei som får plass vil òg få tilbud om å delta som gjestar på det offisielle programmet under Holberguken 4.-6. juni. Søknadsfrist 1. mai.
Kva kan vi gjere med menneskelege feil?
I nyare tid har vi lært mykje om “menneskelege feil”. Vi veit at mennesket har ein tendens til å fokusere meir på det som skjer i notida enn det som kan kome til å skje i framtida, at feiltalet av oss er urealistisk optimistiske, at vi ofte undervurderer risikoane vi står overfor, overvurderer våre eigne evner og kun tek høgde for eit utval faktorar i ein gitt situasjon. Desse tendensane ved korleis vi tenkjer og handlar har store utslag for både einskildmennesket og samfunnet, eksempelvis relatert til problem som overvekt og folkehelseutfordringar. Korleis kan vi handtere menneskelege feil? Kva tiltak, det vere seg i privat eller offentleg sektor, vil fungere best? I kva situasjonar er tvang akseptabelt og i kva situasjonar må vi hegne om individuell fridom. Kva rolle spelar utdanning? Og korleis kan moderne kommunikasjonsteknologi, maskinlæring og algoritmar ha innverknad i dette spørsmålet?
Om Cass Sunstein
Cass R. Sunstein er Robert Walmsley University Professor ved Harvard University og direktør for Harvard Law School sitt program for adferdsøkonomi og offentlig politikk. Sunstein er særskilt kjent blant anna for sitt arbeid med offentlig politikk, statsrett og demokratiteori, forvaltningsrett og risikoregulering. Forskninga hans har hatt stor betydning for korleis vi forstår forholdet mellom forfatningsrett og det moderne statsapparatet. Frå 2009 til 2012 var han Administrator of the White House Office of Information and Regulatory Affairs, og arbeidde med ei rekke reformar knytt til tryggingstiltak, luftkvalitet, borgerrettar, openheit i det offentlege, klimaendringar, økonomisk handlingsrom, helsepolitikk og fattigdomsbekjempelse.
Førebuing
Som deltakar vil du bli bedt om å førebu eit innlegg på 7 minutt relatert til hovudtemaet. Utover kjennskap med tekstane oppgitt som relevant lesning under, ber vi òg om at detakarane førebur spørsmål og kommentarar til Professor Cass Sunstein på førehand. Diskusjonen kjem til å føregå på engelsk.
Relevant lesning:
- Richard H. Thaler & Cass R. Sunstein, “Libertarian Paternalism Is Not an Oxymoron” (University of Chicago Public Law & Legal Theory Working Paper No. 43, 2003).
- Sunstein, Cass R., “Nudges That Fail” (SSRN, July 18, 2016).
- Conly, Sarah, “Paternalism, coercion and the unimportance of (some) liberties” (Behavioural Public Policy, 1(2), 207-218, 2016)
- Waldron, Jeremy, “It’s All For Your Own Good” (New York Review of Books, 2014)
- Cornell, Nicholas “The Third Theory of Paternalism” (Michigan Law Review, 2015)
Korleis sende søknad
Du kan søke om å delta ved å fylle ut skjemaet under. I skjemaet vil du bli spurt om å skrive eit kort motivasjonsbrev og legge ved CV og kontaktinformasjon. Søknadsfristen er 1. mai, 2018.
Om du har spørsmål til arrangementet, søknadsskjemaet eller praktiske ting, er du velkommen til å ta kontakt med prosjektleiar Solveig Stornes på adressa info@holbergprisen.no.
Sist endret:
Publisert:
Relatert innhold

“Alle drøymer om natta”: Intervju med Stephen Greenblatt
Kva er stiane og hendingane som har ført Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt dit han er i dag? Kvar går vegen vidare? Korleis vil humaniora overleve i framtida? Det er nokre av spørsmåla Greenblatt svarar på i dette eksklusive intervjuet.

Bruno Latour in memoriam
Minneord om Bruno Latour, som ble tildelt Holbergprisen i 2013.

Får Holbergprisen for forskning om vitenskap og samfunn
Det ble i dag kunngjort at Holbergprisen 2022 tildeles amerikanske Sheila Jasanoff for hennes fremragende forskning innen vitenskaps- og teknologistudier. Nils Klim-prisen går til finske Elisa Uusimäki.