
Tidlegare i januar fall den siste brikka på plass i forskarkontakt-puslespelet som blir lagt i kvar runde av Holbergprisen i skolen. Frå høgare utdanningsinstitusjonar landet over har vi rekruttert dyktige fagpersonar som skal hjelpe elevane som deltek i forskingskonkurransen med å utvikle og gjennomføre forskingsprosjekta sine. Dei ulike forskarane har fått oppdraget på bakgrunn av erfaringa og forskingsinteressene sine, som i mange tilfelle overlappar med mykje av det elevane sjølve ønskjer å utforske. Nokre av årets forskarkontaktar har i fleire omgangar gjort ein kjempejobb ute i deltakarskulane våre, medan andre er med for første gong.
Forskarkontaktane sitt viktige arbeid
Holbergprisen i skolen si ordning med forskarkontaktar er unik for denne forskingskonkurransen. Gjennom besøka sine på deltakarskulane bidreg desse fagpersonane til å skape kontakt mellom skule og høgare utdanning, og dei speler ei sentral rolle i å verkeleggjere Holbergprisen i skolen si oppgåve om å skape interesse, entusiasme og engasjement for fagområda til Holbergprisen.
Lærarane Ingrid Krogh Nøstdal og Øyvind Skaarer, som vart tildelt lærarprisen i førre runde av Holbergprisen i skolen, løfta fram arbeidet til forskarkontaktane i rapporten sin “Forskerkontakten som ‘rettleiar og brubyggjar’”. Her deler dei innleiingsvis nokre tankar om det komplekse mandatet til forskarkontaktane, som etter beste evne og i tett samarbeid med lærarar og skulebibliotekarar, skal fungere som ein fagleg ressursperson i skulefaga elevane forskar innanfor, og gjennom innsatsen sin vere ein brubyggjarar mellom den vidaregåande skulen og UH-sektoren.
Om rolla som brubyggjar seier forskarkontakten Nøstdal og Skaarer samarbeidde med (førstelektor ved UiO, Øivind Bratberg, som òg deltek i år) at ho i stor grad går ut på å ufarleggjere noko som i utgangspunktet er framand for elevane: «Vi kan vise dem at også de – elevene – fint kan bli forskere innenfor humsam-fag, kanskje innenfor temaer de kanskje ikke hadde tenkt på, at de kan studere og jobbe videre med noe de brenner for. Det synes jeg også er en viktig del av forskerkontaktens brobyggerrolle»
Eit møte mellom ferske og erfarne forskarar
For elevane som i desse dagar tek fatt på eigne forskingsprosjekt, betyr det veldig mykje å bli sett, tekne på alvor og rettleia av menneske som sjølve brenn for og har stor kunnskap om faga sine. Forskarkontaktane har alle tankar om kva ein kan forske på, og korleis ein kan gjere det, innanfor dei ulike fagområda sine, og vi trur møta deira med dei ferske forskarane ute i skulane blir fruktbare og givande for alle partar.
Holbergprisen i skolen er stolte over å samarbeide med eit så imponerande team av dyktige forskarar. Vi ønskjer dei alle lukke til, og er veldig takksame for at dei har takka ja til oppdraget. Under kan du bli betre kjend med kvar og ein av dei 27 forskarkontaktane som deltek i årets runde av forskingskonkurransen, sortert etter landsdel frå nord til sør:
Nord-Noreg

Gunhild Birgitte Sætren
Skule: Longyearbyen skole
Jobbar som: Professor ved UNIS, University Centre of Svalbard
Faglege interesser: Sikkerheit og psykologi samt læring og undervising med bruk av simulator
Foto: Privat

Anne Tjønndal
Skule: Aust-Lofoten videregående skole
Jobbar som: Professor ved Nord Universitet
Faglege interesser: Idrettsteknologi, kjønn og sosial ulikskap i idrett
og e-sport
Foto: Privat
Vestlandet
Ralf Kirchhoff
Skule: Ålesund videregående skole
Jobbar som: Professor ved NTNU
Faglege interesser: Forsking på helsetjenesten, spesielt reformar og andre større endringar innanfor denne
Foto: NTNU

Ragnhild Overå
Skule: Bergen katedralskole
Jobbar som: Professor ved Universitetet i Bergen
Faglege interesser: Samfunnsgeografi, berekraftig utvikling, kjønn, fiskeri og matsikkerheit
Foto: Eivind Senneset

Marianne Hafnor Bøe
Skule: St. Olav videregående skole
Jobbar som: Professor ved Universitetet i Stavanger
Faglege interesser: Religion, lov og kjønn
Foto: UiS

Brita Gjerstad
Skule: Sola videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger
Faglege interesser: Teknologi og etikk, velferdstenester, og vald i nære relasjonar
Foto: UiS

Heidi Lie Eriksen
Skule: Sola videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger
Faglege interesser: Rettleiing, profesjonelle relasjonar, sosialarbeidarutdanning, profesjonsetikk og utanforskap
Foto: Privat

Austlandet

Eirunn Skaug
Skule: Wang Toppidrett Hamar
Jobbar som: Postdoktor ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Personlegdom, psykisk helse, arv og miljø, tvillingstudie
Foto: Lasse Moer/UiO

Siri Ødegaard Fossum
Skule: Hadeland videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved NTNU
Faglege interesser: Sjukdomslære og sjukepleie, tvang og etikk i psykiske helsetjenester, vold i nære relasjonar
Foto: NTNU

Edvard Nergård Larsen
Skule: Jessheim videregående skole
Jobbar som: Forskar II ved Institutt for samfunnsforskning
Faglege interesser: Sosial ulikskap, diskriminering, arbeidsliv, migrasjon, kjønn og kvantitative metodar
Foto: Institutt for samfunnsforskning

Gunhild Ring Olsen
Skule: Bjerke videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved Høyskolen Kristiania
Faglege interesser: Digital kjeldekritikk, automatisering av nyheiter, undersøkande journalistikk, falske nyheiter, journalistutdanning og profesjonssosiologi
Foto: Kristiania

Ruth S. Hemstad
Skule: Oslo by steinerskole
Jobbar som: Forskar ved Nasjonalbiblioteket og Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Norsk og nordisk historie (1800-1930), transnasjonale perspektiv, demokrati og historiebruk
Foto: Kari Margrethe Sabro

Ellen Oftedal Schwencke
Skule: Blindern videregående skole
Jobbar som: Stipendiat ved OsloMet
Faglege interesser: Ungdom, kjønn, rus, seksualitet, sosial ulikskap og kvalitativ metode
Foto: OsloMet

Øivind Bratberg
Skule: Blindern videregående skole
Jobbar som: Førstelektor ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Storbritannia, sosialdemokratisk politikk og kvalitative forskingsmetodar
Foto: UiO

Ruth Eva Jørgensen
Skule: Sandvika videregående skole
Jobbar som: Forskar ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Ulikskap, familiesosiologi og kvantitative metodar
Foto: Erik Engblad/UiO

Sigurd M. N. Oppegaard
Skule: Sandvika videregående skole
Jobbar som: Forskar ved FAFO
Faglege interesser: Arbeidsliv, teknologi, etnografi, makt og kontroll, kapitalisme, den norske modellen
Foto: FAFO

Joakim Johansen Østby
Skule: Nesodden videregående skole
Jobbar som: Førstelektor ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Dataspill, populærkultur, kjønn og seksualitet, tekstanalyse, medieestetikk, kulturteori, arbeidslivsrelevans og praksis
Foto: UiO

Lise Camilla Ruud
Skule: Drammen videregående skole
Jobbar som: Professor ved Universitetet i Sørøst-Norge
Faglege interesser: Samfunnsfag, vitskapshistorie, museer og kulturarv
Foto: Privat

Erik Bjørnerud
Skule: Drammen videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold
Faglege interesser: Anvendt etikk, ulike sider ved kristendommen og forståing og bruk av religion i samtida
Foto: HiØ

Kristin Gregers Eriksen
Skule: Drammen videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved Universitetet i Sørøst-Norge
Faglege interesser: Rasisme, antirasisme, kjønn og seksualitet
Foto: USN

Guro Busterud
Skule: Vestby videregående skole
Jobbar som: Professor ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Tileigning av andre- og tredjespråk, fleirspråkleghiet, alder og språktileigning
Foto: Ellen Evju Jahr/UiO

Anniken Grønstad
Skule: Vestby videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole
Faglege interesser: Norsk arbeidsliv, sjukefråver og sjukenærver, omstilling og endring, og trakassering i arbeidslivet
Foto: Oslo Nye Høyskole

Tove Stjern Frønes
Skule: Askim videregående skole
Jobbar som: Forskar ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Lesekompetanse, kritisk lesing på nett, norskdidaktikk, og assessment og vurdering
Foto: UiO

Agnes Louise Helleberg
Skule: Frogn videregående skole
Jobbar som: Stipendiat ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Klasse og ulikskap, utdanningssosiologi, familiesosiologi, kultursosiologi, kvalitativ metode og sosiologisk teori
Foto: Erik Engblad/UiO

Frøja Isabella Storm-Mathisen
Skule: Frogn videregående skole
Jobbar som: Stipendiat ved Universitetet i Oslo
Faglege interesser: Kriminalitet og kultur, vald og narrativ
Foto: UiO
Sørlandet
Tirill Fjellhaugen
Skule: Arendal videregående skole
Jobbar som: Førsteamanuensis ved Universitetet i Agder
Faglege interesser: Utviklinga av autobiografisk hukommelse, framtidsførestillingar og psykisk helse hos barn og unge
Foto: Privat

Katja Skjølberg
Skule: Dahlske videregående skole
Jobbar som: Dosent ved Universitetet i Agder
Faglege interesser: Samfunnsfaget si rolle i førebyggjing av utanforskap, ekstreme haldningar og handlingar, samt undervising om kontroversielle, sensitive og emosjonelle tema
Foto: UiA

Sist endra:
Publisert:
Relatert innhold
Endeleg er det klart kva skular som får delta i Holbergprisen i skolen 2025/2026!
I år deltek 1000 elevar frå heile landet i Holbergprisen i skolen, frå Svalbard i nord til Agder i sør.
Mari Eldegard Heie – finalist i 2021
Intervju med en tidligere finalist om hva hun har tatt med seg videre i livet, fra Holbergprisen i skolen-deltakelsen på videregående.
