
Arendalsuka, årets store hending for politikarar, organisasjonar, akademia og næringsliv i landet, gjekk som kjend av stabelen førre veke, og på dei to siste dagane av den innhaldsrike veka var lærarar og elevar med fersk erfaring frå Holbergprisen i skolen også til stades på ulike scener i sørlandsbyen.
Torsdag kveld deltok elevar og lærarar frå Ålesund vidaregåande skule i ein samtale om ungdommar sin bruk av TikTok som ei kjelde til helserelaterte råd. Samtalen tok utgangspunkt i elevane sin forsking på temaet, eit forskningsprosjekt som var eit av skulen sine bidrag i førre runde av Holbergprisen i skolen. Dagen etter var elevar frå Arendal vidaregåande skule i aksjon i samtalar om KI-bruk i skulen og ungdommar si psykiske helse. To av desse elevane, Sigurd Hornnes Odden og Filip Torsvik, havna på tredjeplass i Holbergprisen i skolen 2026 for si forsking på unge si fremtidsangst.
Kvifor går ungdommen til TikTok for helsehjelp?
I eit auditorium i Arendal bibliotek presenterte og diskuterte Ålesund-elevane Alina Leirvik og Linnea Sjøholt Alstadsæter resultata frå forskinga si for eit lydhøyrt publikum. Presentasjonen deira vart innleia og fulgt av ein samtale om denne forskinga, som undersøkte om videodelingsplattformen TikTok påverker kva helserelatert informasjon unge får, om dei heller nytter denne tenesta enn å oppsøke helsesykepleiarar, og ikkje minst om dette kan ha positive eller negative konsekvensar. Til stades var også lærarane deira Aino Giskeødegård Tornes og Renate Ruth, ein stortingspolitikar, ein helsesjukepleiar og forskarar ved NTNU sitt Institutt for helsevitenskap i Ålesund, mellom anna professor Ralf Kirchhoff, som rettleia elevane i forskingsarbeidet.

Elevane stilte stortingsrepresentant Kai Steffen Østensen det evig aktuelle spørsmålet om kvifor ikkje politikarar i større grad høyrer med ungdommen før dei fattar vedtak som får store konsekvensar for denne gruppa menneske sine liv. Spørsmålet deira dreidde seg spesifikt om elevar sin mogelegheit til å oppsøke helsesjukepleiarar utan at det får konsekvenser for fråveret deira. Denne fråversregelen, som no er fjerna, var éin av forklaringane elevforskarane peikte på i forskninga si på ungdommen sin TikTok-bruk. Om vitnemålet står i fare om ein besøker helsesjukepleieren for å snakke om plagene eller bekymringane sine, er det kanskje ikkje så rart det freistar å lene seg på ein teneste som TikTok i staden?
En openberr negativ konsekvens av denne TikTok-bruken, som elevane tar opp i teksten sin, er at ein risikerer å støte på helseråd frå personar utan helsefagleg bakgrunn. Ei løysing på akkurat denne utfordringa vart òg diskutert denne kvelden, kor alle var einige om at ein bør gjere ein innsats for å få merka helserelatert innhald som helsefagleg eller ikkje, på same måte som at reklame må merkast (meir eller mindre) tydeleg på slike plattformar.

“Har TikTok blitt vår nye “helsesøster”” under Arendalsuka. Foto: Jon Anders Lothe
Problematikken elevforskarane Alina og Linnea er opptekne av, og forskingsspørsmåla dei stiller, viser korleis unge menneske ofte har sine eigne, unike forskarblikk på problemstillingar som kanskje ikkje er like opplagde for etablerte forskarar i andre aldersgrupper.
Du kan lese meir om arrangementet her.
Ulike perspektiv på elevar sin bruk av KI
I #vårtagder-teltet på Langbryggen i Arendal var det myke aktivitet fredag føremiddag. Foran eit publikum beståande av vidaregåande-elevar, lærarar og andre interesserte, leia vg3-elevane Filip Torsvik og Caroline Beatrice Miller ein samtale om eit vanskeleg og uhyre aktuelt spørsmål alle i skulen i dag, elevar som lærarar, må ta omsyn til: Korleis kan ein bruke kunstig intelligens på ein måte som ikkje går på ut over elevane si læring? Ordstyrarane stilte gode spørsmål til eit panel med representanter fra lærarstanden, politikken, næringslivet og akademia, som alle hadde mykje å seie om denne utfordrande problematikken. Bekymringar kring KI si mogelege forsterking av klasseskiljer i skulen, var blant eitt av temaa dei tok opp.


I Holbergprisen i skolen ser vi at bruken av KI i skolen, og kva konsekvensar denne kan ha, opptek mange elevforskarar over heile landet. I førre runde var det eit prosjekt om nettopp dette utfordrande temaet, Abdikarim Fuaad Ali, Wakman Konarai og Elnathan Shegaw Anagaw ved Drammen videregående skole sitt «Det koster ingenting. Det er derfor det er dyrt.», som vart løna med andreprisen i forskingskonkurransen.
Les meir om arrangementet her og sjå opptak av det her.
Ein influenser blir utfordra
Psykologistudenten og influenseren Elias Omberg innleia det neste arrangementet i teltet med eit kort føredrag om utfordringar og erfaringar knytt til si eigen psykiske helse. I samtalen, eller skal vi kanskje heller kalle det debatten, som følgde, vart mykje av oppskrifta hans på eit psykisk sunt liv utfordra av samtalepartnarane. Sigurd Hornnes Odden stilte spørsmål ved Omberg sine tankar om korleis ungdom bør handtere eigne kjensler – negative som positive. Odden tok til orde for at kjensleladde opplevingar har ein eigenverdi, og at dei ikkje bør bli vurdert som dårlege eller gode i lys av dei «måla» ein måtte ha i livet, kva enn desse er.




Tanken om at livet sine mange opplevingar, og kjenslene desse fører med seg, ikkje bør handterast som problem eller som symptom på at ein har satt seg «feil mål», som Omberg argumentere for, ser vi igjen i forskninga til Odden og Torsvik på fenomenet framtidsangst, i forskningsprosjektet deira «Eksistensfilosofi og kognitiv psykologi – En integrert forståelse». Her viser dei til Søren Kierkegaard sine tankar om angst, og omtalar mykje av angsten, sjølv om den er plagsom og ubehageleg, som meiningsfull, riktig og viktig, og ikkje naudsynleg som eit resultat av ein «feilaktig tolkning av verden».
Les meir om arrangementet her og sjå opptak av det her.

Brei interesse for elevane sine betraktningar
Dei nemnte arrangementa under Arendalsuka i år viser det vi i Holbergprisen i skolen og svært mange av lærarane i dette landet aldri kan få understreka nok: Blant elevane i den vidaregåande skulen finst det veldig mykje det er verd å lytte til, og om ein legg til rette for at dei kan få utforske spørsmål dei er nysgjerrige på gjennom eiga forsking, kan dette resultere i funn og innsikter som er av stor interesse også for folk langt utanfor klasserommet.
Søknadsfristen for å delta i neste runde av Holbergprisen i skolen, er 1. oktober. Vi oppmodar lærarar ved vidaregåande skular over heile landet å søke!
Sist endret:
Publisert:
Relatert innhold
Om søknaden
Informasjon om hvordan du sender søknad om å delta i Holbergprisen i skolen og kriterier for utvelgelse.
Forskningspris til prosjekt om medienes dekning av terror
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun kunngjorde i dag at vinneren av Holbergprisen i skolen 2026 er Alva Lohne Pahle, med sitt prosjekt om hvordan mediene former vår forståelse av terror.
Et innblikk i elevenes forskning
Elever ved skolene som deltar i årets runde av Holbergprisen i skolen, er nå godt i gang med forskningsprosjektene sine.
