‘Research Excellence in Turbulent Times’

Fotografi av skulpturen “Morgendemring” (1918) av Sofus Madsen. Foto: Elin Reisæter, Bergen kommune.

Geopolitiske hendingar, teknologisk innovasjon og budsjettkutt endrar forskingslandskapet i eit stadig raskare tempo, både i verda og i Norden. Korleis kan vi best handtere desse turbulente tidene som forskarar?

Dei siste åra har presset mot den akademiske fridomen og sjølvstendet åt forskingsinstitusjonane auka betydeleg. Det geopolitiske landskapet er i rask endring, samstundes som vi merkar eit jamt aukande politisk og samfunnsmessig press om at forsking skal kunne vise til målbar «nytte» eller umiddelbar samfunnseffekt.

Sjølv om Norden ofte blir trekt fram som ein modell for stabile, godt finansierte og samfunnsansvarlege forskingssystem, er ikkje regionen immun mot det breiare globale stemningsskiftet. Rolla åt universiteta og andre forskingsinstitusjonar er òg under press, mellom anna frå det som har blitt omtalt som akademisk kapitalisme.

På dette seminaret freister vi blant anna å finne svar på følgjande spørsmål:

  • På kva måtar påverkar dagens geopolitiske spenningar internasjonalt forskingssamarbeid?
  • Kan den nordiske modellen med offentleg finansierte universitet fungere som eit vern mot politisk eller økonomisk press?
  • Korleis blir omgrepet «nytte» i forsking (re)definert av styresmakter og andre institusjonar for forskingsfinansiering og kva risikoar inneber dette for den akademiske fridomen?
  • Kva arenaer finst for grundig og uavhengig forsking, og korleis kan desse styrkjast?
  • Kva former for sensur eller sjølvsensur ser vi mellom forskarar som følgje av offentleg eller politisk kontrovers?
  • Korleis blir forsking på kjønn og seksualitet særleg påverka av dei politiske spenningane i dag?

Arrangementet blir halde i Helsinki i samband med det årlege møtet i Nils Klim-komiteen og er eit samarbeid mellom Academy of Science and Letters in Finland og Holbergprisen, som òg deler ut Nils Klim-prisen.

Gjester er inviterte til mottaking frå kl. 16.00, når dørene opnar.
Det faglege programmet tek til kl. 16.30.

Språket for arrangementet er engelsk. Sjå våre engelske nettsider for utfyllande informasjon og presentasjonar av innleiarane.

Program

Velkomst
ved Juhani Knuuti, President for Finnish Academy of Science and Letters

Introduksjon av arrangementet og ordstyrer
ved Jørgen Sejersted, Styreleder i Holbergprisens styre

Introduksjon av innlederene
ved Stefan Nygård, Associate Professor of European History ved University of Helsinki og prosjektleder ved Academy of Science and Letters in Finland.

Intersectional feminism in a time of turmoil
ved Daniela Alaattinoğlu, Assistant Professor of Law, University of Turku

The problem with sex
ved Susanna Paasonen, Professor of Media Studies, University of Turku

@FeministDates – Researching Value Chains of Global Commodity Frontiers and Getting Crammed by Global Populist Right Wing
by Marjaana Jauhola, Senior Research Fellow ved Tampere Peace Research Institute (TAPRI), Tampere University

Panelsamtale
Samtalen blir ledet av Stefan Nygård, Associate Professor of European History ved University of Helsinki og prosjektleder ved Academy of Science and Letters in Finland.

Detaljar

Torsdag 22. januar 2026
16:00
18:00
,
Finsk tid / UTC+2

Praktisk informasjon

Deltaking er gratis, men dei som ønskjer å delta må registrere seg på førehand.

Seminaret vil ikkje bli strøyma direkte, men eit opptak vil bli gjort tilgjengeleg på YouTube og på denne nettsida etter arrangementet.

Liknande arrangement og produksjonar