Innspurt i ei utfordrande tid

Grunna koronavirusutbrotet møter både elevar og lærarar landet over ein utfordrande situasjon. Dette går også utover deltakinga i Holbergprisen i skolen, og sekretariatet arbeider for å gi alle deltakarane i årets "Holbergår" ei best mogleg oppleving av deltakinga. Vi er i kontinuerleg dialog med universitetsleiinga og Kunnskapsdepartementet, og lyttar til informasjonen gitt av helsemyndigheitene.

Grunna den ekstraordinære situasjonen har vi gått i dialog med årets deltakarar, og vi registrerer med glede at dei fleste ser ut til å kunne fullføre prosjekta meir eller mindre som planlagt. Dette syner den fantastiske innsatsen både lærarar og elevar legg ned i deltakinga, også i krisetid. Derfor har HiS-sekretariatet etter samråd med juryen og etter tilbakemeldingane frå skulane valt å halde på innleveringsfristen 1. april.  

Likevel har også fleire meldt at koronavirusutbrotet skapar så store ekstra utfordringar at det er ønskjeleg å få utsett innleveringsfristen. Difor har sekretariatet i samråd med juryen også valt å tilby utsett levering til skular og klassar som treng dette, til seinast 15. April. Denne fristen gjeld dersom prosjekta ikkje lar seg levere innan opphavleg frist, og utsettinga skjer etter dialog med den einskilde læraren som deltek i prosjektet saman med sin klasse.  

Holbergveka 

Holbergveka er ein viktig arena for å feire elevane sin innsats, men også for å syne fram deira imponerande kunnskap og forskingsinnsikter. Status for Holbergveka 2020 er usikker, då det framleis er usikkert kor tid det forsvarleg med reiseaktivitet og større arrangement. I Holberg-sekretariatet arbeider vi difor no med ulike alternativ for avvikling av alle dei ulike arrangementa knytt til den tradisjonelle Holbergveka. For Holbergprisen i skolen vil dette per no få konsekvensar for måten finalistane og prisvinnarane vert annonsert på.  

Årets finalistar og 1-3. pris vil bli annonsert etter det digitale jurymøtet 5. mai. Dette mogleggjer ei feiring av elevfinalistane lokalt på skulane, sjølv om denne feiringa kanskje også må føregå digitalt i den situasjonen vi no er i. Dette meiner sekretariatet er viktig då ein del av elevane vil brytast opp i ulike klassar og starte sine studium i løpet av hausten, og det har ein verdi at deltakinga markerast i eit samla miljø. Holbergprisen i skolen arbeider då også med ulike måtar å synleggjere finalistar og deltakarar på i eit utfordrande år.   

Holbergprisen i skolen 2020/2021 

Holbergprisen i skolen kjem til å fortsette med å følgje råd frå universitetsleiinga og helsemyndigheitene. Til tross for den usikre situasjonen arbeider sekretariatet knytt til Holbergprisen i skolen med å planlegge feiring av årets finalistar, og for ein ny søknadsprosess, lærarseminar og skulebesøksrunde for Holbergprisen i skolen 2020/2021. Uansett korleis situasjonen ser ut, ønskjer vi å legge til rette for ei god oppleving og gode rammer for prosjekta for alle involverte i inneverande og komande Holbergår.  

Sekretariatet vil sende ut informasjon fortløpande etter kvart som situasjonen utviklar seg. Dersom du har spørsmål er det berre å ta kontakt med Hilde Omdalsmoen Fidje eller Birger Berge i sekretariatet på his@holbergprisen.no.