Forska på diskriminering i arbeidslivet

Publisert 24.08.2018
Kva mekanismar står bak når ein person med minoritetsbakgrunn ikkje blir valt ut til jobbintervju? Skuldast det etnisk diskriminering eller andre faktorar? Og korleis kan det målast?

Hermann Roll Ludvigsen frå Eikeli vidaregåande skule i Bærum kom på tredjeplass i Holbergprisen i skolen 2018 med prosjektet: "Diskriminering i arbeidslivet." Gjennom kvalitative intervju, undersøkte Roll Ludvigsen om jobbsøkjarar med utanlandske namn møter større utfordringar i arbeidslivet enn søkjarar med norske namn, sjølv om kvalifikasjonane er identiske.

Fagjuryen vister til at Roll Ludvigsen tok for seg ei særs aktuell problemstilling i eit mangfaldig samfunn. Roll Ludvigsen synleggjer i prosjektet etiske dilemma ved å intervjue menneskje om eit sårbart tema, og eleven synte ei reflektert haldning til metodisk framgangsmåte og forskingsetikk. Roll Ludvigsen syner både medvit om og god evne til å bruke tidlegare forsking, og gir gjennom oppgåva si eit nyttig bidrag til forsking på diskriminering.

Samfunnskritisk og relevant for dagens samfunn

For Roll Ludvigsen var det viktig å forske på noko han fann genuint interessant, samt at han hadde eit ønskje om å forske på noko samfunnskritisk og relevant for dagens samfunn. Roll Ludvigsen enda då opp med diskriminering i arbeidslivet tilknytt etnisitet. I prosjektet definerast dette i stor grad som korleis menneske med minoritetsbakgrunn og deira etterkomarar inkorporerast i arbeids- og samfunnslivet. Vert dei kanalisert inn i marginaliserte arbeidsposisjonar grunna etnisitet og etnosentriske haldningar frå majoritetsbefolkninga? Eller får dei relevant arbeid- og arbeidsposisjonar tilsvarande deira prestasjonar i utdanningssystemet?

Læring på fleire nivå

Roll Ludvigsen skildrar Holbergprisen i skulen si e-bok med ein struktur som elevane kan følgje, som avgjerande for sitt forskingsresultat. Bruk av e-boka, samt oppfølging frå Holbergprisen i skolen sitt sekretariat og oppfølging frå forskingskontaktane, gjer at elevane lærer konkret om metode, etikk og sjølve forskingsprosessen, i tillegg til det spesifikke forskingsutbyttet for kvart einskilde prosjekt. På tross av kontroll opp mot andre faktorar, fann Roll ludvigsen att:

"Vi vet nå at etnisitet spiller en sentral rolle i prosessen ved å få seg jobb i Norge. En rekke studier, forskning, avisartikler og eksperimenter viser at sannsynligheten til å bli kalt inn til et jobbintervju med et utenlandsk klingende navn enn søkere med norsk navn, er betydelig mindre, selv om kvalifikasjonene er identiske."

Forskingsåret skildrast av Roll Ludvigsen som ein fin og lærerik prosess, kor han også blei betre kjend med seg sjølv då han arbeidde åleine, og det til tider var krevjande å ikkje kunne diskutere med andre som konkurrentane som arbeidde i grupper kunne.

Hermann Roll Ludvisen sitt forskingsprosjekt om diskriminering i arbeidslivet, kan du lese her.