
Holbergstyret heldt møte i Bergen tysdag den 4. februar, og utpeikte der blant anna kven som skal vinne Holbergprisen og Nils Klim-prisen i 2020.
Dei siste vekene har viktige avgjersler kome på plass. Begge fagkomitéane møttest for sine avsluttande møter siste veka i januar og Holbergstyret heldt sitt årlege vintermøte ved Universitetet i Bergen den 4. februar. På dette møtet gjekk blei tilrådingane frå fagkomitéande drøfta, og styret fatta eit endeleg vedtak om kven som skal motta Holbergprisen og Nils Klim-prisen i 2020. Holbergstyret består av Sigmund Grønmo, professor emeritus i sosiologi ved UiB, Øivind Andersen, professor emeritus i klassisk filologi ved UiO, Britt Andersen, professor i allmenn litteraturvitenskap ved NTNU, Trude Haugli, professor i juss ved UiT og Knut Olav Åmås, direktør for Stiftelsen Fritt Ord.
Styreleiar Sigmund Grønmo har i etterkant av møtet vore i kontakt med prisvinnarane over telefon, og kan melde at dei begge er svært takksame og glade, og gler seg til å kome til Bergen for å delta på Holbergveka som heidersgjestar i byrjinga av juni.
Kven prisvinnarane er, blir kunngjort den 5. mars. Arrangementet blir direktesendt som streaming frå kl 9.00, norsk tid.
Prisvinnersamtale i London
I samband med komitémøta er det tradisjon for at Holbergprisen også arrangerer fagsamtalar med særskilt inviterte gjestar. I samband med Holbergkomitéen sitt møte i London deltok tre tidlegare Holbergprisvinnarar, Marina Warner, Onora O’Neill og Paul Gilroy i ein panelsamtale om Humanioras framtid på the British Academy den 23. januar.

Komitémøter i London og Reykjavik
Holbergkomitéen møttest den 24. januar i London for å drøfte kandidatane på årets kortliste og kome fram til kven dei ville tilråde Holbergstyret å velje som neste vinnar av Holbergprisen. Til stades var fungerande møteleiar Björn Wittrock, professor ved Uppsala universitet, Mary Beard, professor ved University of Cambridge, Graeme Turner, professor emeritus ved University of Queensland og Cui Zhiyuan, professor ved Tsinghua University i Beijing. Komitéleiar Dame Hazel Genn, professor ved University College London, var diverre hindra frå å møte men hadde meldt inn sine innspel og prioriteringar på førehand.
Innan nominasjonsfristen den 15. juni var det kome inn 113 nominasjonar av totalt 109 kandidatar til Holbergprisen 2020. Dette er det høgste talet nominasjonar sidan prisen ble etablert i 2004. Av årets kandidater er litt over halvparten nominert for første gong. Geografisk er det ei overvekt av kandidatar knytt til institusjonar i USA, tett fulgt av Storbritannia og Tyskland. Flest nominasjonar har kome til fagfelta sosiologi, juss, historie, filosofi og psykologi i år.
Både Holbergkomitéen og Nils Klim-komitéen, som møttest nokre dagar tidlegare i Reykjavik, har hatt ein vanskeleg jobb med å velje ein prisvinnar, då det har vore rekordmange nominerte til begge prisane, og stor breidde i ulike fagfelt. Til støtte i prosessen med å utpeike ein verdig vinnar innhentar Holbergkomitéen anonyme vurderingar frå fagfolk som kjenner forskningsområda til kortlistekandidatane godt, og demed kan bidra til ein meir utfyllande forståing av kva forskinga til dei ulike har hatt å seie, både for forskningsfeltet og for samfunnet.
Sist endret:
Publisert:
Relatert innhold

“Alle drøymer om natta”: Intervju med Stephen Greenblatt
Kva er stiane og hendingane som har ført Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt dit han er i dag? Kvar går vegen vidare? Korleis vil humaniora overleve i framtida? Det er nokre av spørsmåla Greenblatt svarar på i dette eksklusive intervjuet.

Bruno Latour in memoriam
Minneord om Bruno Latour, som ble tildelt Holbergprisen i 2013.

Får Holbergprisen for forskning om vitenskap og samfunn
Det ble i dag kunngjort at Holbergprisen 2022 tildeles amerikanske Sheila Jasanoff for hennes fremragende forskning innen vitenskaps- og teknologistudier. Nils Klim-prisen går til finske Elisa Uusimäki.