
Under Forskingsdagane Ung i Bergen fredag 19. september, heldt Holbergprisen i skolen-finalistar tradisjonen tru eit innlegg om forskinga si.
I år var det Rakel Rasmussen Folkestad og Linnea Aleksandra Ytterland frå Ålesund vidaregåande skule som hadde tatt turen til vestlandshovudstaden, og som presenterte forskinga si for skuleelevar frå Bergen og omegn. Saman med tre andre medelevar, Finn Lehmann, Viljar Bell og Nyan Linn Kyaw-Thwin, mottok dei tredjeprisen i Holbergprisen i skolen i juni, for forskinga si på forholdet mellom starttidspunkt på skulen og elevar si søvnlengde.
Aktuell elevforsking knytt til folkehelse og livsmeistring
Presentasjonen til Rakel og Linnea var eitt av fire innlegg om forsking på folkehelse og livsmeistring som vart heldt i Studentsenteret denne fredagen. I tillegg til søvn omhandla desse innlegga forsking på sjølvkjensle, stress og kosthald. Dette er tema som engasjerer svært mange i Noreg i dag, og dei unge er ikkje noko unntak. Ein kunne tydeleg merke at summinga blant publikum dempa seg då dei to elevforskarane frå Ålesund byrja å introdusere forskingsarbeidet sitt.
Ålesund-elevane si kjensle av å ofte ha underskot på søvn då klokka ringte inn til første time, gav dei ein idé og ein innfallsvinkel til forskinga si. I tidlegare forsking på søvnvanene til norsk ungdom, såg dei at unge på deira alder i snitt søv i seks og ein halv time på skuledagar. Det er nestean to timar mindre enn den tilrådde søvnmengda for aldersgruppa. Denne problematikken utforska dei så nærare gjennom forskingsprosjektet sitt, som munna ut i rapporten «Hva er det beste starttidspunktet på skolen for elevers søvnlengde?».
Revurdering av eiga forsking som ein viktig del av læringa
I presentasjonen trekte dei to elevane fram fleire sider ved arbeidet sitt kor dei ville ha gjort ting annleis om dei skulle ha gjort det på nytt. Dei ser mellom anna at intervju med alle som deltok i aktivitetsband-forsøket deira ville kunne ha nyansert resultata. Forsøkspersonane opplevde til dømes at banda frå tid til anna registrerte at dei sov då dei ikkje gjorde det, og at dei andre gongar ikkje fekk med seg då personane faktisk sov.


minutt
Vidare nemnte elevane at eitt av spørsmåla i spørjeundersøkinga kunne ha vore formulert på ein annan måte. Ei slik omformulering kunne ha gjeve elevane meir reliable data om søvnvanene til dei unge informantane. At dei to elevane frå Ålesund har eit slikt kritisk blikk på eiga forsking, og peiker på potensielle svakheiter ved arbeidet sitt, syner tydeleg at dei har utvikla noko sentralt ved det å vere forskar gjennom si tid på forskarlinja, og gjennom deltaking i Holbergprisen i skolen: Å alltid vere open for å stille spørsmål om aspekt ved eiga forsking. Jentene sa det hjelpte å få prosjektet litt på avstand etter å ha vore tett på det lenge, særleg under Holbergveka i juni. Då dei plukka det opp att og las gjennom det etter sommaren, såg dei på arbeidet sitt med eit ferskt og distansert blikk. Dette kom tydeleg fram i presentasjonen.
Søvnforsking som engasjerer breitt
Søvn er utan tvil eit forskingstema som engasjerer, noko elevane frå Ålesund hadde fått merke òg før denne dagen i Bergen. Ikkje berre hadde Rakel, Linnea og medelevane deira eit par dagar i forvegen presentert forskinga si på Parken kulturhus under Forskingsdagane i Ålesund; Dei har òg fått merksemd for forskinga si frå både Forskingsrådet og tidsskriftet SØVN. SØVN rettar seg mot helsepersonell, forskarar og studentar innan helsefag, og vil neste månad publisere ein artikkel om forskarlinja på Ålesund vidaregåande skule. Her vil dei presentere tre av dei søvnrelaterte forskingsprosjekta elevane her gjennomførte i fjor, inkludert det prisvinnande arbeidet til Rakel, Linnea, Viljar, Finn og Nyan.

I Studentsenteret mangla det ikkje på positive ord frå arrangørane då presentasjonen var over. På spørsmål om erfaringa med Holbergprisen i skolen har gjeve dei meirsmak på forsking, svarar jentene at dei, som så mange andre, ikkje heilt veit kva dei vil gjere etter vidaregåande skule, men at prosjektet iallfall opna augo deira for forsking utanfor realfaga. Begge har i alle høve gode minne frå arbeidet, og då særleg samarbeidet, om søvnforskinga. Merksemda kring forskingsarbeidet til elevane frå Ålesund viser at det er interesse for elevforsking, og det unike blikket som ligg til grunn for denne – også utanfor skulane kor den blir gjennomført og rammene til Holbergprisen i skolen.
Sist endret:
Publisert:
Relatert innhold

Ålesund videregående skole
Viljar Bell, Rakel Rasmussen Folkestad, Nyan Linn Kyaw-Thwin, Finn Lehmann og Linnea Aleksandra Ytterland ved Ålesund videregående skole mottar tredjeprisen i Holbergprisen i skolen 2025 med forskningsprosjektet «Hva er det beste starttidspunktet på skolen for elevers søvnlengde?».

La elevane dine forske!
Delta i neste runde av landets viktigaste forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. Søk innan 1. oktober!