Framifrå forskning i Helsinki: Nils Klim-komitéens anbefaling er klar

Nils Klim‑komitéen møttest i Helsingfors denne veka, og er klar med si anbefaling av kven som bør tildelast Nils Klim‑prisen 2026.

Nils Klim‑komiteen møttest i Helsingfors denne veka for ei siste runde med drøftingar, og for å bli samde om ei innstilling til Nils Klim-prisen 2026. Det årlege møtet for komitéen fann stad fredag 23. januar i lokala til Det finske vitskapsakademiet.

Frå og med nominasjonsutlysinga til Nils Klim‑prisen 2026 vart aldersgrensa for kandidatar heva frå 35 til 40 år. Totalt kom det inn 36 gyldige nominasjonar for 33 unike kandidatar innan fristen. Med eit rekordhøgt tal på nominasjonar til Nils Klim-prisen og særs kvalifiserte kandidatar frå ulike fagdisiplinar, var ikkje oppgåva for komitéen enkel, men dei kom likevel fram til ei samrøystes avgjerd.

Tilrådinga frå komiteen vert lagt fram for Holbergprisen sitt styre i byrjinga av februar, og den offisielle kunngjeringa av Holbergprisen og Nils Klim‑prisen 2026 finn stad 17. mars i Universitetsaulaen i Bergen.

Nils Klim‑komitéen

For å sikre grundig og rettferdig vurdering av alle kandidatar består Nils Klim‑komiteen av fem anerkjende forskarar innan humaniora, samfunnsvitskap, jus eller teologi, ein frå kvart nordisk land. Medlemmane vert oppnemnde for tre år om gongen og kan gjenoppnemnast éin gong. Dagens komité består av:

  • Andreas Føllesdal, professor i politisk filosofi, Det juridiske fakultetet, Universitetet i Oslo (leiar)
  • Susanna Paasonen, professor i mediestudiar, Åbo universitet
  • Jón Gunnar Bernburg, professor i sosiologi, Universitetet på Island
  • Kristian Bernt Karlson, professor i sosiologi, Københavns Universitet (varamedlem 2025/2026)
  • Sara Stendahl, professor i offentleg rett, Göteborgs universitet (varamedlem 2025/2026)

Forsking i verdsklasse i urolege tider

Kvelden før komitémøtet arrangerte Holbergprisen eit felles arrangement med Finnish Academy of Science and Letters med tittelen Research Excellence in Turbulent Times. Her deltok tidlegare Nils Klim‑prisvinnar Daniela Alaattinoğlu, medlem av Nils Klim-komitéen Susanna Paasonen og Marjaana Jauhola, seniorforskar ved Tampere Peace Research Institute. Samtalen vart leia av Stefan Nygård, førsteamanuensis i europeisk historie ved Helsingfors universitet og prosjektleiar ved akademiet.

Frå venstre: Daniela Alaattinoğlu, Susanna Paasonen, Marjaana Jauhola og Stefan Nygård. Foto: Hjørdis Maria Longva / Holbergprisen.

Dei tre paneldeltakarane — som alle har forskingsinteresser knytte til kjønn, seksualitet og/eller marginaliserte grupper — delte sine erfaringar med å arbeide innan desse felta og reflekterte over korleis forskingslandskapet har endra seg som følgje av geopolitiske skift, budsjettkutt og politisk press frå ytre høgre.

Eit opptak av arrangementet er tilgjengeleg på arrangementsida og på YouTube‑kanalen til Holbergprisen.

Nominasjonar til Nils Klim‑prisen 2027

Nils Klim-prisen vart oppretta av Stortinget i 2003 og tildelast yngre forskarar frå/i Norden under 40 år, for framifrå bidrag til forskning innanfor humaniora, samfunnsvitenskap, jus eller teologi, anten innanfor eitt av prisen sine fagområde eller for tverrfagleg forskning.

Det er mogleg å nominere kandidatar til Nils Klim‑prisen 2027 innan 15. juni.

Forskarar tilknytt universitet og andre forskingsinstitusjonar, inkludert forskningsakademi, kan nominere kandidatar.

Sist endret:

Publisert:

Nils Klim-prisen

Nils Klim-prisen ble opprettet av Stortinget i 2003 og tildeles yngre forskere fra/i Norden under 40 år, for fremragende bidrag innenfor fagområdene humaniora, samfunnsvitenskap, jus og teologi, enten innenfor ett av prisens fagområder eller for tverrfaglig forskning.

Prisvinneren må være nordisk statsborger eller ha hovedtilknytning til en nordisk forskningsinstitusjon.

Det vektlegges hvorvidt de aktuelle bidragene er særlig nyskapende eller løfterike, vurdert på bakgrunn av forskerens alder, forskningens karakter og tradisjonene på fagområdet.

Prisen har en verdi på 500 000 kr og deles ut sammen med Holbergprisen hvert år.

Relatert innhold