Utlysning for ph.d.-stipendiater: Mesterklasse med Lyndal Roper

Lyndal Roper. Foto: John Cairns

Holbergprisen tilbyr stipend til fem ph.d.-kandidatar i Norden for å delta i ei mesterklasse med professor Lyndal Roper knytt til temaet «Bodies, Gender, Psyche, Movement» den 3. juni 2026. Søknadsfristen er 17. april.

Ph.d.-kandidatar i Norden kan no søkje om å delta i mesterklasse med holbergprisvinnar Lyndal Roper. Arrangementet finn stad under Holbergveka i Bergen onsdag 3. juni 2026 kl. 10.00–12.00.

Utgifter til reise- og opphald blir dekte av Holbergprisen, og deltakarane blir òg inviterte til andre arrangement under Holbergveka (1.–4. juni).

Deltaking på arrangementet gir fem studiepoeng (ECTS). Vi inviterer søkjarar frå alle fagområde som er relevante for felta Holbergprisen dekkjer: humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

«Bodies, Gender, Psyche, Movement»

Korleis kan vi inkludere kroppslige erfaringar, verkelege kroppar, i forståinga vår av menneskelivet? Kvar høyrer fenomen som draumar heime? Kva tyder kjønn i dag?

Korleis kan vi kome oss forbi diskursen om «kroppen» – det finst trass alt ikkje berre éin einskapleg kropp – og kva opnar seg dersom vi ikkje lenger tek for gitt at kjønn er binært? Kunstig intelligens har sjølvsagt ingen kropp. Korleis kan vi utvide forståinga vår av menneskeleg handlingskraft ved å tenkje på kjensler, også religiøse, og det ubevisste? Og korleis endrar tenkinga vår seg når vi er i rørsle?

Format og førebuing

Med utgangspunkt òg i eige arbeid vil du som deltaker bli bedt om å førebu eit fem minutt langt innlegg knytt til hovudtemaet for mesterklassa. I tillegg til kjennskap til tekstane på leselista som prisvinnar har sett opp, vil deltakarane òg bli bedt om å førebu spørsmål til professor Lyndal Roper på førehand.

Diskusjonen vil gå føre seg på engelsk. Merk at arrangementet er ope for publikum og vil bli direktesendt på YouTube. Opptak frå arrangementet vil ligge tilgjengeleg på nett i etterkant.

Leseliste (kan bli endra)

  • Lyndal Roper, Emotions in the German Peasants’ War
  • Lyndal Roper, Turbulence and the German Peasants’ War
  • Lyndal Roper, «The Stout Doctor» / Der feiste Doktor
  • Lyndal Roper, Oedipus and the Devil, innleiing
  • Lyndal Roper, Living I was your plague, kap. «Luther the Antisemite» eller «Luther and Dreams»

Slik søkjer du

Søk om deltaking på årets mesterklasse ved å fylle ut søknadsskjemaet nedanfor. Vi ber om at du sender inn eit motivasjonsbrev (maks 3 500 teikn), CV og kontaktinformasjon. Søknadsfristen er 17. april 2026.

Svar på søknaden vil bli sendt til alle søkjarar innan 2. mai 2026.

Deltakarane blir valde ut av den faglege leiaren for Holbergprisen, professor Bjørn Enge Bertelsen, i samarbeid med sekretariatet.

Dersom du har spørsmål om arrangementet, søknadskrava eller praktiske forhold, kan du kontakte sekretariatet for Holbergprisen på info@holbergprisen.no.

Sist endret:

Publisert:

Om Lyndal Roper

Lyndal Roper er professor i historie ved University of Oxford. Hun er en av verdens ledende forskere på tidlig moderne europeisk historie, særlig reformasjonstiden på 1500‑tallet. Hennes banebrytende arbeider om hekseprosesser, bondeopprør og Martin Luthers liv og tanker har endret vår forståelse av både hverdagsliv og politiske konflikter i perioden. Ikke minst gjelder dette hvordan kjønn, kropp, psyke og makt har påvirket samfunnet.

Relatert innhold