Meisterklasse med Lyndal Roper: “Bodies, Gender, Psyche, Movement”

Detalj frå plakat: “The Century: Midsummer holiday number” (ca. 1897) av Maxfield Parrish. Original frå Library of Congress. Tilgjengelig for fri bruk. Kilde: rawpixel.com

Korleis kan vi inkludere kroppslige erfaringar og verkelege kroppar, i forståinga vår av menneskelivet? Kvar høyrer fenomen som draumar heime? Kva tyder kjønn i dag?

Fem ph.d.-kandidatar frå Norden kjem til Bergen for å delta i meisterklasse med professor Lyndal Roper om temaet «Bodies, Gender, Psyche, Movement» onsdag den 3. juni 2026.

Kvar deltakar vil halde eit innlegg på fem minutt knytt til temaet som prisvinnaren har valt. Etter presentasjonane blir det ein panelsamtale.

Om temaet

Korleis kan vi kome oss forbi diskursen om «kroppen» – det finst trass alt ikkje berre éin einskapleg kropp – og kva opnar seg dersom vi ikkje lenger tek for gitt at kjønn er binært? Kunstig intelligens har sjølvsagt ingen kropp. Korleis kan vi utvide forståinga vår av menneskeleg handlekraft ved å tenkje på kjensler, også religiøse, og det umedvitne? Korleis endrar måten vi tenkjer på seg når vi er i rørsle?

Talarar

  • Lyndal Roper, Holbergprisvinnar 2026 og professor emerita i historie ved University of Oxford
  • Miriam Sünder, Ph.d.-kandidat ved Gøteborgs universitet
  • Nearchos Potamitis, Ph.d.-kandidat ved Universitetet i Aarhus
  • Edna Huotari, Ph.d.-kandidat ved University of Helsinki
  • Jon Martin Perander, Ph.d.-kandidat, Universitetet i Bergen
  • Sigrún Jónsdóttir, Ph.d.-kandidat, University of Iceland

Dette arrangementet er ein del av Holbergveka 2026, som går føre seg frå 1. til 4. juni i Bergen.

Detaljer

Onsdag 3. juni 2026
10:00
12:00
,
Europe/Oslo

Praktisk informasjon

Gratis adgang.
Arrangementet krever påmelding.
Arrangementet vil bli direktesendt og være tilgjengelig for ettertiden på Youtube.

Andre arrangement med Lyndal Roper