Rekordmange nominasjonar til Holbergprisen og Nils Klim-prisen

Foto: Eivind Senneset / Holbergprisen

Interessa for Holbergprisen og Nils Klim-prisen held fram med å vekse. Begge prisane har motteke rekordmange nominasjonar for 2027, noko som vitnar om sterkt engasjement frå forskingsmiljøa internasjonalt og i Norden.

Innan nominasjonsfristens utløp 15. juni, kom det inn 136 gyldige nominasjonar av 115 unike kandidatar for Holbergprisen, og 47 gyldige nominasjonar av 47 unike kandidatar til Nils Klim-prisen. Dette er det høgaste talet på nominasjonar nokon gong for begge prisane sidan desse vart delt ut første gong i 2004.

Holbergprisen blir delt ut årleg som ei anerkjenning av framifrå bidrag til forskning innanfor humaniora, samfunnsvitenskap, juss eller teologi. 

Nils Klim-prisen blir òg delt ut årleg, til ein forskar under 40 år, som enten er nordisk statsborgar eller arbeider i eit nordisk land, for framifrå forsking innanfor dei same fagområda.

Utveljingsprosessen

Rekordmange nominasjonar inneber òg ei stadig meir krevjande oppgåve for dei to komitéane som står for den vitskaplege vurderinga av kandidatane. I løpet av dei komande månadene vil Holbergkomitéen og Nils Klim-komitéen gå gjennom alle dei gyldige nominasjonane, og til slutt leggje fram sine tilrådingar for Holbergstyret over nyttår. Holbergstyret tek den endelege avgjerda om kven som skal tildelast prisane.

Vinnarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen 2027 blir kunngjorde i mars, og prisane blir delte ut under Holberguken, som finn stad i Bergen i byrjinga av juni.

Foreslå ein kandidat til 2028-prisane

Sjølv om nominasjonsfristen for 2027 er passert, er det allereie no mogleg å nominere kandidatar til Holbergprisen og Nils Klim-prisen 2028. Forskarar i akademiske stillingar ved universitet, vitskapsakademi eller andre forskingsinstitusjonar er velkomne til å sende inn nominasjonar til prisane.

I det elektroniske nominasjonsskjemaet er det mogleg å lagre arbeidet og halde fram på eit seinare tidspunkt. Fram til nominasjonsfristen kan ein òg oppdatere nominasjonen med ny informasjon og vedlegg.

Nominasjonsfristen for begge prisane er 15. juni 2027.

Sist endret:

Publisert:

Relatert innhold