Fem nordiske doktorgradsstipendiater er valgt ut til å delta i en eksklusiv mesterklasse med Holbergprisvnner Stephen Greenblatt.
Tema for mesterklassen er “opphavsfortellinger”. Hvorfor har mennesker hatt behov for å konstruere fortellinger om vårt tidligste opphav – fortellinger som uunngåelig er spekulative – og hva står på spill i de ulike versjonene? Hvordan blir produkt av fantasien til en virkelighet, og hva gjør de for oss?
Deltakere:
Mark Friis Hau
Mark Friis Hau frå Aarhus universitet.
«My work centers on why (and how) specific humans have constructed particular accounts of their earliest beginnings; I study not the origin of people, but the origin of a people. A Masteclass with Professor Greenblatt will greatly illuminate the universal, human aspects of orgin myths – hopefully inspiring my research in exciting, new directions.»
Mark Hau er PhD-kandidat i Europastudiar ved Aarhus universitet og forskar på samspelet mellom nasjonale og europeiske identitetar i dei statslause nasjonane Skottland og Catalonia. Som politisk antropolog har han gjort etnografisk feltarbeid i Barcelona blant medlemmar av Esquerra Republicana de Catalunya, og i Skottland med det skotske nasjonalistpartiet.
Yoav Tirosh
Yoav Tirosh frå Universitetet på Island.
«The way we talk of our beginnings has more to do with our present than we usually realize, and I am excited to explore this notion more in depth.»
Yoav Tirosh fullførte ei bachelorgrad i historie ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem, og flytta deretter til Island for mastergrad og PhD innan gamal islandsk litteratur, under rettleiing av professor Ármann Jakobsson. Hans fremste akademiske interesse ligg i studiet av kulturelt minne og sjanger, og i doktorgradsprosjektet tek han føre seg desse tema i kontekst av dei overlevande mellomaldertekstane frå den gamle islandske Ljósvetninga saga.
Godeline Gertrude Perk
Godeline Gertrude Perk frå Umeå universitet.
«Being intrigued by every “In the beginning” and “once upon a time”, I cannot wait to discuss the stories humanity tells of itself.»
Godeline Perk skildrar seg sjølv som ein bokorm frå Nederland og PhD-kandidat i engelsk litteratur ved Umeå universitet i Nord-Sverige. Mange emne og litterære sjangrar fascinerer henne, men forskinga hennar handlar om den første engelske kvinnelege forfattaren, Julian of Norwich (ca. 1342 til etter 1416), undersøkt innanfor rammene av narratologi og middelaldersk litteraturteori på folkespråk.
Carlos Hernández Garcés
Carlos Hernández Garcés frå Universitetet i Oslo.
«A magnificent opportunity to come to grips with the thorny question of origin stories under the guidance of Stephen Greenblatt.»
Carlos Hernández Garcés studerte klassiske fag ved the Autonomous University i Madrid og arkeologi ved Universitetet i Alcalá (Alcalá de Henares) frå 2004 til 2011. Som arkeolog har han arbeidd i lange periodar i Irland, Spania og Hellas, der han i seinare år har teke jammnleg del i to av dei pågåande prosjekta til Det norske institutt i Athen. Som filolog har han erfaring frå oppteikning av lemmata for Det gresk-spanske juridiske bysantinske leksikon frå 2010 til 2012, og sidan 2013 har han arbeidd ved Universitetet i Oslo. Der jobba han først som forskingsassistent med å førebu lemmata innanfor Medicalia Online-prosjektet, og no er han doktorgradsstipendiat i gresk. Fokuset i doktorgradsprosjektet hans er på oppfatting av tid og dei relaterte mekanismane for hukommelse og historie i forminga av ein kollektiv identitet som ein ser i Herodots historier.
Panu Heimonen
Panu Heimonen frå Helsingfors universitet.
«Origin of the good and evil are to be found in great music and literature.»
Panu Heimonen er utdanna ved Sibelius-akademiet (mastergrad i musikkteori og analyse) og Helsingfors universitet (mastergrad musikologi, filosofi). For tida er han doktorgradskandidat ved Helsingfors universitet. Forskinga hans dreiar seg om musikkanalyse og narrativ teori med bruksområde innan ulike musikalske kontekstar, inkludert musikkframføring. Han har ei særleg interesse for å føre saman narrative måtar å analysere musikk med tradisjonelle teknikkar for musikalsk analyse, slik som Schenker-analyse og musikalsk Formenlehre. Utanom musikken til F. Liszt, jobbar han med musikalske analytiske og narratologiske spørsmål, slik dei relaterer seg til konsertforma i første bevegelse i W. A. Mozarts pianokonsertar. Han har publisert i journalen Res Facta Nova («Concerto Questions»). Hans andre forskingsinteresser inkluderer intertekstualitet i musikkanalyse.
Relevant lesning:
- Første mosebok, Bibelen, Kapittel 1-3.
- Gilgamesj-sagaen (Anbefalt engelsk oversettelse: 2005, av Benjamin R. Foster)
- Friedrich Nietzsche, Moralens genealogi (1887)
- Paul Ricoeur, The Symbolism of Evil, 1960 (Part II: Introduction: “The ‘Myths’ of the Beginning and of the End”; and Chapter 3 “The ‘Adamic’ Myth and the ‘Eschatological’ Vision of History”)