Nils Klim-samtalen: Dei sosiale kostnadane ved bruk av fengsel

Hånd som holder et nøkkelknippe og låser opp en fengselsdør.
Foto/ill.: Illustrasjon: www.colourbox.com

Førelesing ved Katrine Vellesen Løken, professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen og vinnar av Nils Klim-prisen 2017.

I mange OECD-land har bruken av fengsel som sanksjonsform auka dramatisk i seinare år, noko som gjer det interessant å drøfte moglege samfunnsmessige konsekvensar av fengsling. Katrine Vellesen Løken vil ta opp dei samfunnsmessige verknadane av fengsling i ein norsk kontekst og blant anna kommentere korleis tidlegare innsette klarer seg i tida etter at dei kjem ut frå fengsel: om dei vender attende til ei kriminell løpebane eller til det ordinære arbeidsmarkedet?

Løken si førelesing blir fulgt av innlegg ved professor Manudeep Bhuller frå Universitetet i Oslo, om konsekvensene av fengsel for ektefeller, søsken og barn, og professor Giovanni Mastrobuoni frå Collegio Carlo Alberto i Torino, som vil presentere data på dette feltet frå andre land.

Linda Grøning, professor i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen er moderator.

Detaljer

Mandag 5. juni 2017
11:00
13:00
,
CEST
Christie Café

Relaterte arrangementer