Onsdag den 14. mars kl. 09:00 kunngjer vi kven som mottek Holbergprisen og Nils Klim-prisen i 2018. Vel møtt til markering på Bibliotek for Humaniora ved Universitetet i Bergen.
Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, ynskjer velkommen og styreleiar for Holbergprisen, Sigmund Grønmo, kunngjer årets prisvinnarar.
Under markeringa vil vi få høyre utsegner frå fagkomitéene for dei to prisane. Det blir eit kulturelt innslag og vi serverer gratis frukost og kaffi i bibliotekets foajé.
Arrangementet vil bli direktesendt på denne sida.