Torsdag den 14. mars kl. 09:00 kunngjer vi kven som mottek Holbergprisen og Nils Klim-prisen i 2019. Vel møtt til markering i foajeen for Media City Bergen.
Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, ynskjer velkommen og styreleiar for Holbergprisen, Sigmund Grønmo, kunngjer årets prisvinnarar. Under markeringa vil vi få høyre utsegner frå fagkomitéene for dei to prisane.
Det blir musikkinnslag og vi serverer gratis frukost og kaffi i foajén.