Følg med på direktesendinga kl. 15, fredag 5. mars for å få vite kven som blir årets Holbergprisvinnar og Nils Klim-prisvinnar.
Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, ynskjer velkommen og styreleiar for Holbergprisen, Kjersti Fløttum, kunngjer årets prisvinnarar.
I løpet av sendinga vil vi òg få høyre grunngjevinga for valet av prisvinnarar frå dei to fagkomitéane, Nils Klim-komitéen og Holbergkomitéen.