
Korleis kan vi inkludere kroppslige erfaringar og verkelege kroppar, i forståinga vår av menneskelivet? Kvar høyrer fenomen som draumar heime? Kva tyder kjønn i dag?
Holbergprisen har utlsyt stipend til fem ph.d.-kandidatar i dei nordiske landa for å delta i ei meisterklasse med professor Lyndal Roper om temaet «Bodies, Gender, Psyche, Movement» onsdag den 3. juni 2026. Sjå utlysinga for meir informasjon. Søknadsfristen er 17. april.
Presentasjon av deltakarane og fleire detaljar om arrangementet vil bli lagt ut tidleg i mai.
Kvar deltakar vil halde eit innlegg på fem minutt knytt til temaet som prisvinnaren har valt. Etter presentasjonane blir det ein panelsamtale.
Abstract
Korleis kan vi kome oss forbi diskursen om «kroppen» – det finst trass alt ikkje berre éin einskapleg kropp – og kva opnar seg dersom vi ikkje lenger tek for gitt at kjønn er binært? Kunstig intelligens har sjølvsagt ingen kropp. Korleis kan vi utvide forståinga vår av menneskeleg handlekraft ved å tenkje på kjensler, også religiøse, og det umedvitne? Korleis endrar måten vi tenkjer på seg når vi er i rørsle?
Dette arrangementet er ein del av Holbergveka 2026, som går føre seg frå 1. til 4. juni i Bergen.
