Nils Klim-symposiet 2026: “Storying the Person in a Mental Health Crisis”

Utsnitt av “The Oak” (1906) av Edvard Munch. Tilgjengelig for offentligheten via Wikimedia Commons.

Temaet for symposiet er rolla personlegdom spelar, særleg narrativ identitet – den utviklande forteljinga menneske konstruerer for å skape meining og forstå seg sjølve og liva sine.

Fagseminar med innlegg fra årets Nils Klim-prisvinner Majse Lind og tre fagfellar. Etter føredraga blir det ein paneldiskusjon og avsluttande kommentarar fra prisvinnaren. Det vil òg vere høve for at publikum kan stille spørsmål til panelet.

Ei meir utfyllande skildring av temaet, innleiarane og føredraga er å finne på den engelske arrangementssida.

Arrangementet er del av Holberguken 2026, som går av stabelen 1.-4. juni i Bergen.

Talere

  • Majse Lind, mottager av Nils Klim-prisen 2026, førsteamanuensis, Aalborg Universitet
  • Annabel Bogaerts, Assistant Professor, Universitetet i Amsterdam.
  • Elisabeth de Moor, Assistant Professor, Tilburg University. 
  • Rikke Amalie Agergaard Jensen, Assistant Professor, Syddansk Universitet.

Arrangementet modereres av Per-Einar Binder, professor i psykologi, Universitetet i Bergen.

Detaljer

Tirsdag 2. juni 2026
13:00
15:00
,
Europe/Oslo

Praktisk info

Ope for alle interesserte.
Påmelding er naudsynt for fysisk deltaking.
Arrangementet vert direktesendt på YouTube og kan sjåast der i etterkant.

Flere arrangementer