Deltakarskulane til Holbergprisen i skolen 2024/2025 er valt ut

I denne runden av Holbergprisen i skolen er alle landsdelane representert, frå Agder i sør til Troms i nord.

I over 20 år har vidaregåande skular delteke i Holbergprisen i skolen, og i år engasjerer forskingskonkurransen over 1000 elevar frå heile landet, frå Agder i sør til Troms i nord.

Rekordmange søkarar

Etter å ha motteke eit rekordhøgt tal søknadar, valde Holbergprisen i skolen sin fagjury ut 20 deltakarskular til konkurransen for 2024/2025. Blant dei utvalde finn vi skular frå alle landsdelane, i tråd med målsettinga om å sikre geografisk spreiing.

Elevane og lærarane deira vil i løpet av dei neste månadane bli gjeve fagleg og praktisk støtte av sekretariatet i Holbergprisen i skolen. Mellom anna blir kvar skule kopla saman med ein forskar med relevant fagbakgrunn. Denne forskarkontakten vil møte elevane for rettleiing og oppfølging fleire gongar i løpet av forskingsprosessen.

Brubyggjar mellom elev- og studentkvardagen

Utover målet om å skape interesse for og kunnskap om humanistisk og samfunnsvitskapeleg forsking hos unge, har vi òg ei målsetting om å, i fellesskap med lærarane og forskarkontaktane, skape studieførebudde elevar. Vi ønskjer at alle elevar som deltek, uansett kor dei held til i landet, går ut av prosjektperioden med røynsler som gjer dei budde på kvardagen som studentar.

Holbergprisen i skolen er med andre ord med på å danne ei bru mellom vidaregåande skule og høgare utdanning. Tidlegare deltakarar i forskingskonkurransen omtalar erfaringa som svært verdifull på mange måtar, nettopp fordi arbeidet med eit større forskingsprosjekt gjer dei medvitne om korleis og kvifor ein praktisk går til verks for å skape kunnskap, i alle fag.

Ein av elevane som deltok førre runde, Edvard Hove Rosenlund, sa i eit intervju under Holbergveka at han trudde erfaringa med forskingsarbeidet ville kome svært godt med på universitetet til hausten. Rosenlund, som kom på tredjeplass i konkurransen med prosjektet «Knut Hamsun 72 år etter hans død», såg føre seg at erfaringa med arbeidsformen knytt til prosjektet, kor brorparten av innsatsen vart gjort utanfor ordinær skuletid, ville gjere han godt rusta til eit sjølvstendig studentliv.

Sjå heile dette intervjuet med Edvard Hove Rosenlund i videoen under:

Edvard Hove Rosenlund, tredjeprisvinner i Holbergprisen i skolen 2024

Ei verdifull erfaring

Vi møtte Edvard Hove Rosenlund for ein prat om korleis han ser tilbake på Holbergprisen i skolen no, kor arbeidet med prosjektet ligg nokre månader tilbake i tid og han har fått ein smak på livet som student. Han studerer i dag samanliknande politikk ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen.

Edvard Hove Rosenlund foran SV-fakultetet ved UiB. Foto: Jon Anders H. Lothe


«På universitetet skjer alt ein jobbar med «på fritida»», sier Rosenlund spøkefullt. Han følgjer opp med å seie at Holbergprisen i skolen-deltakinga gav han mykje god trening i å prioritere: «Som student må du sjølv legge planar for korleis og når du vil arbeide, og kva som bør prioriterast. Dette fekk eg god trening i under arbeidet med Hamsun-oppgåva. I tillegg vart eg vant til å setje meg inn i store mengder nytt stoff, i litteratur som kunne vere utfordrande å lese, noko eg nyter godt av i desse dagar», seier han.

Gjennom arbeidet med Holbergprisen i skolen-prosjektet fekk Rosenlund også erfare at funna ein gjer i arbeidet med å svare på ei problemstilling, kan openberre andre, meir interessante og/eller relevante spørsmål. Han enda opp med å skrinleggje sine opphavelege forskingsspørsmål til fordel for eit sett nye: «Då eg testa ut problemstillinga mi ute i verda, byrja eg å revurdere den. Og då eg samanlikna funna frå dei ulike informantane mine, gjekk det på ein måte eit lys opp for meg», fortel Rosenlund.

I forlenginga av dette seier han at denne erfaringa gjorde han medviten på at det er viktig å unngå å få «tunnelsyn» når ein jobbar med eit akademisk prosjekt, og at ein alltid bør vere open for at nye idear kan dukke opp, eller at ein gjennom å prøve ut idear på andre, kan få gode råd om å ta prosjektet i ein annan retning. Å ha ei slik open og spørjande haldning er nyttig både for studentar og for elevar som deltek i Holbergprisen i skolen.

Nye elevar, nye prosjekt

Uansett kva årets elevar vel å forske på, er Rosenlund sikker på at deltakinga i Holbergprisen i skolen vil by på verdifulle utfordringar og erfaringar for alle som ein.
Han ønskjer alle årets deltakarar lukke til, og seier han gler seg til å sjå kva tema dei vel å forske på.

Her er ei liste over skulane som deltek i år:

  • Kongsbakken vidaregåande skule (Troms)
  • Narvik vidaregåande skule (Nordland)
  • Bodin vidaregåande skule (Nordland)
  • Oppdal vidaregåande skule (Trøndelag)
  • Byåsen vidaregåande skule (Trøndelag)
  • Ålesund vidaregåande skule (Møre og Romsdal)
  • Metis vidaregåande skule (Vestland)
  • Amalie Skram vidaregåande skule (Vestland)
  • Arna vidaregåande skule (Vestland)
  • Valler vidaregåande skule (Akershus)
  • Lillestrøm vidaregåande skule (Akershus)
  • Stabekk vidaregåande skule (Akershus)
  • Akademiet Realfagsgymnas Sandvika
    og Akademiet VGS Sandvika (Akershus)
  • Lambertseter vidaregåande skule (Oslo)
  • Oslo katedralskule (Oslo)
  • Drammen vidaregående skule (Buskerud)
  • Åssiden vidaregåande skule (Buskerud)
  • Porsgrunn vidaregåande skule (Telemark)
  • Askim vidaregåande skule (Østfold)
  • Arendal vidaregåande skule (Agder)

Vi ønskjer alle deltakarane i årets konkurranse lukke til med forskingsarbeida i tida framover!

Sist endret:

Publisert:

Relatert innhold