La elevane dine forske!

Kvifor er Holbergprisen i skolen viktig? Høyr lærarar og elevar som deltok i 2024/25 dele sine erfaringar.

Dersom du underviser i samfunnsfag eller humanistiske fag, kan du søke om å delta i neste runde av landets viktigaste forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. Søknadsfristen er 1. oktober!

Kva får de med dykk?

Alle lærarane som deltek med klassane sine, får vere med på eit to dagars lærarseminar i Bergen tidleg i november. Her får dei fagleg påfyll frå dyktige førelesarar frå universitet, høgskular og andre forskingsinstitusjonar, og dei får ikkje minst møte mange andre engasjerte lærarar som deltek frå andre skular.

I månadane som følgjer, arrangerer vi i sekretariatet fleire digitale seminar kor lærarane som deltek får innspel til alle fasar av forskingsprosessen.

Ved oppstart av prosjektperioden får deltakarskulane besøk frå sekretariatet til Holbergprisen i skolen. Då vil vi informere elevane om rammene for prosjektet – og ikkje minst inspirere dei med døme på tidlegare elevprosjekt. Vi er elles tilgjengelege med råd og hjelp gjennom heile perioden, både for lærarar og elevar.

Klassane blir også tildelt ein forskarkontakt som vil følgje opp elevane gjennom tre skulebesøk i perioden januar – mars. Denne kontakten er ein etablert forskar frå ein institusjon i nærleiken av skulen, og blir valt ut basert på kva fag og tema klassene forskar innanfor. Dersom lærarane sit med ønskjer om kva forskar dei vil ha besøk av, er dei velkomne til å sende oss forslag.

Saman med lærarane sine blir alle elevfinalistane i Holbergprisen i skolen invitert til Bergen i juni for å motta premiane sine. Her får dei delta på både faglege og festlege arrangement i samband med Holberguken. Elevane som kjem på 1., 2. og 3. plass, vinn 30.000, 20.000 og 10.000 kroner.

Og det er sjølvsagt gratis å delta på alt!

Kva vil elevane dine sitje att med?

Gjennom å delta i Holbergprisen i skolen får elevane eit møte med universitets- og høgskule-verda som gjer overgangen deira til høgare utdanning lettare. Dei blir godt studieførebudde og får innsikt i forsking. Tidlegare deltakarar seier at dei opplever meistring gjennom å fullføre eit så stort prosjekt åleine eller saman med medelevane sine.

Elevane gjennomfører eit sjølvvalt forskingsprosjekt og leverer ein vitskapeleg artikkel der dei presenterer og fortel om funna sine. Dei får jobbe med eit tema dei er engasjert og interessert i, lærer å skrive ein akademisk tekst, får øvd seg i å jobbe med eit større prosjekt, og dei får trent opp det kjeldekritiske blikket sitt.

Gjennom å forske sjølv, får elevane innsikt i kva forsking inneber, korleis dei kan gjennomskue dårleg forsking, og ikkje minst korleis ny kunnskap blir til. Dei får sjølve bidra til den kunnskapen som finst innanfor området dei forskar på, i staden for å få han servert som fakta i ei lærebok. Dei erfarer at dei har ei røyst andre bør lytte til, og at dei har noko å bidra med i den opplyste offentlegheita, som demokratiske medborgarar.

Vinnaren av Holbergprisen i skolen 2024/2025, Vilde Seip Frydenlund, forska på ME-pasientar sitt møte med helsevesenet. Høyr kva erfaringar ho gjorde seg, i dette klippet:

Ei anerkjenning av læraren

Vi deler også ut ein lærarpris til ein lærar eller bibliotekar som har skrive ein tekst om arbeidet med forskingsprosjektet i klasserommet. Denne lærarrapporten blir premiert med 20.000 kroner og ein invitasjon til Holberguken i Bergen i juni.

Vinnarane av årets lærarpris jobbar på Lillestrøm videregående skole. I videoen under fortel Ingrid Krogh Nøstdal og Øyvind Skaarer om korleis dei har opplevd deltakinga, og om lærarrapporten sin om forskarkontakten si rolle i prosjektet.

Slik søker du

Før de sender inn søknad, tilrår vi at de går inn på denne sida: Om søknaden. Her finn de informasjon om korleis de går fram for å søke, og kva som bør vere med i søknaden dykkar. Søknadsfristen er 1. oktober.

Etter at søknadsfristen har gått ut, får alle søkarar raskt beskjed om dei er med i konkurransen eller ikkje.

Velkomne som søkarar!

Sist endret:

Publisert:

Kontakt oss

Bilde av Jon Anders Hvoslef Lothe

Jon Anders Hvoslef Lothe

Seniorkonsulent, Holbergprisen i skolen

Tlf: 55 58 50 86

Mobil: 40 14 91 92

Bilde av Marita Kristiansen

Marita Kristiansen

Rådgiver, Holbergprisen i skolen

Mobil: 95 07 93 97