Lærarseminaret 2025

Fra Holbergprisen i skolens lærerseminar 2024. Foto: Silje Katrine Robinson

Opptil tre fagpersonar frå kvar deltakarskule blir inviterte til Holbergprisen i skolen sitt årlege lærarseminar, som markerer oppstarten for forskingskonkurransen i inneverande skuleår. Kvart seminar tar utgangspunkt i eit tema som er relevant for elevforsking. Holbergprisen i skolen står for reise, opphald, lunsj og middag.

Skriving som ein del av forskingsprosessen

Holbergprisen i skolen sitt lærarseminar vil i år sjå nærare på ein sentral del av forsking og formidlinga av den, nemleg akademisk skriving. Dei sjølvvalde forskingsprosjekta til elevane skal munne ut i ein akademisk artikkel, og dette seminaret vil løfte fram alle moglegheitene som ligg i slikt skrivearbeid.

Det er inga overdriving å hevde at akademiske tekstar er ein ukjend sjanger for dei fleste elevar i den vidaregåande skulen. Kun dei færreste av dei har lest ein vitskapleg artikkel, enda færre vore i nærleiken av å skrive ein. Det rådar ein del førestillingar og praksisar knytt til tekstar i denne sjangeren, og vi ser at mange elevar – og forskarar – finn mykje tryggleik i fasttømra malar dei kan “fylle” med innhald på tampen av forskingsprosessen. Det er denne tankegangen, og sjølve bruken av omgrepet “rapport” om slike tekstar, vi håpar kan bli utfordra på dette seminaret.

Om ein lar skrivinga vere ein vedvarande del av forskingsprosessen, og tør å være kreativ både i form og innhald, får ein brukt meir tid saman med tankane sine. Gjennom det kan ein mellom anna kome fram til dei gode poenga og dei fengande gullkorna. Vi har invitert erfarne skrivarar, skriverettleiarar og forskarar som vil kunne gi oss verktøy vi kan bruke for å bistå elevane på vegen fram mot ein ferdig og ikkje minst velskriven tekst.

Vi vil også setje av tid til å diskutere andre fasar og utfordringar i forskingsprosessen, og har invitert fjorårets elevprisvinnar og lærerprisvinnarar til å dele erfaringene sine. Lærarar frå Porsgrunn og Drammen vidaregåande skule vil òg halde eit innlegg, om korleis dei jobbar med elevforsking på skulane sine. Gjennom heile seminaret vil vi legge til rette for at deltakarane får utveksla erfaringar og jobba med konkrete spørsmål saman med kollegaer frå heile landet. Det overordna føremålet med seminaret er å diskutere moglegheiter, men også utfordringar, knytt til elevane sin forskingsprosess, og å sjå på skrivearbeidet som ein sentral del av denne.

Under kan de sjå dei andre innleiarane vi har invitert til seminaret:

Professor Sveinung Arnesen.
Foto: Andreas R. Graven

Sveinung Arnesen (UiB/NORCE):

Sveinung Arnesen er forskar ved NORCE og professor II ved Institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen. Mykje av forskinga hans omhandlar demokrati og politisk åtferd. Sidan 2019 har han vore nasjonal koordinator for European Social Survey (ESS) i Noreg.

Pål Steiner. Foto: UiB

Pål Steiner (UiB):

Pål Steiner er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen. Som førstebibliotekar arbeider han innan feltet informasjonskompetanse, med særleg vekt på kjeldekritikk i møtet med alternativ kunnskap.

Iben Brinch. Foto: UiB

Iben Brinch (UiB):

Iben Brinch er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen. Ho har brei erfaring som forskar, forfattar og undervisar i sakprosa, retorikk og skriving, særleg kreativ akademisk skriving, vitskapleg skriving og faglitterær skriving.

Detaljer

Tirsdag 4. november –
Onsdag 5. november 2025
11:15
15:15
,
CET.

Praktisk info

Lærerseminaret for Holbergprisen i skolen i 2025 vil se nærmere på akademisk skriving, en sentral del av forskning og formidlingen av den.

Tidligere lærerseminar