Kom i gong med skrivinga!

Illustrasjonsbilde fingre på tastatur og ark som ligger ved siden av.
Foto: Colourbox.com / Psphotography

På desse sidene finn du god hjelp for alle fasar av skriveprosessen.

Alle som driv med skriving, seier det same: Start skrivinga så tidleg så mogleg! Det er ingen vits i å vente til du er “ekspert” på emnet før du set i gong med skrivinga. Ingenting er verre enn å stire på eit tomt ark når ein eigentleg burde vere godt i gong med teksten. Dersom du begynner med å skrive ned lause tankar heilt i oppstarten av prosjektperioden, vil du alltid ha noko tekst du kan jobbe med. Heilt i begynnelsen kan det vere ein idé å “presse” seg sjølv til å skrive ned alt ein veit om emnet sitt, sjølv berre i fem konsentrerte minutt om gongen. Skrivinga vil hjelpe deg med å vidareutvikle tankane og ideane du kjem på undervegs.

Du treng ikkje bekymre deg for strukturen til teksten, og om alt i den er skrive rett, i oppstarten av prosessen. Innhaldet er heller ikkje nøye, det viktigaste er at du har teke fatt på skrivinga! Du må likevel endre på alt seinare, og om du tenkjer for mykje på det i starten, kan det hemme skriveprosessen. Sidan du heile tida må hoppe rundt i teksten når du jobbar, er det ingenting som krev at du begynner med noko bestemt. Kvifor ikkje begynne med den delen du har mest lyst til å skrive eller syns du har mest å seie om? Når innleveringsfristen nærmar seg, vil du ta steget over i det som kallast “presentasjonsskriving”, fasen kor presentasjonen av innhaldet i sin heilskap er fokus, og då er struktur og rettskriving viktig. I lang tid før du kjem dit, er det “tenkeskriving” som gjeld.

I Akademisk skriving kan du lese om kva det inneber å skrive ein akademisk tekst og i Innhold kan du finne tips til kva som bør vere med i ein vitskapleg artikkel. Når du kjem så langt på veg at du faktisk har ein del innhald, så kan det vere på høg tid å begynne å strukturere stoffet. I Struktur finn du fleire malar for korleis det kan vere hensiktsmessig å bygge opp teksten din. Desse malane er ikkje meint som nokon fasit, men eksempel som skal illustrere ulike moglegheiter.