For lærarar

Er du lærar innafor fagområda til Holbergprisen i skolen og vil delta med elevane dine i forskingskonkurransen? Underviser du i t.d. norsk, engelsk, framandspråk, religion og etikk, historie, rettslære eller eit av samfunnsfaga, og vil jobbe utforskande i klasserommet i samarbeid med fagfolk frå universitet og høgskolar? Då har vi samla informasjon som vil vere interessant for deg her.

Elevfinalistar og lærarprisvinnarar i 2025 fortel kvifor dei meiner Holbergprisen i skolen er viktig.

Rammer for deltakinga

Holbergprisen i skolen inviterer kvart år vidaregåande skolar over heile landet til å søke om å delta i ein nasjonal forskingskonkurranse. De søker om deltaking på nettsidene til Holbergprisen, og søknadsfristen er 1.oktober.

20 skolar blir trekte ut til å vere med kvart år. Kvar skole kan delta med tre klassar. Holbergprisen i skolen er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og det er difor gratis for skulane å vere med. Elevane forskar på eit sjølvvald emne og skriv ein akademisk tekst. Skulane vel ut tre elevprodukt som dei sender inn til vurdering av fagjuryen vår. Fristen for innlevering er i starten av april.

Finalistane i konkurransen blir kunngjort i starten av mai, og finalistelevar og lærarane deira blir invitert til Holbergveka i juni. Her blir dei heidra saman med mottakarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen. 

Tema

Vi legg i utgangspunktet ingen føringar for val av tema, utover at det må ligge innafor fagområda humaniora og samfunnsvitskap. Du som faglærar kan gjere avgrensingar og velje ein overordna tematikk som elevane skal fordjupe seg i. Elevane kan jobbe individuelt eller i grupper, tverrfagleg eller knytt til eit enkelt fagfelt.

Prosjektarbeidet skal vere i tråd med gjeldande læreplanar. Det er eit godt utgangspunkt for å dekke dei tverrfaglege emna, skape rom for djupnelæring og elevmedverknad. Elevane vil utvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar, utøve kjeldekritikk, og dei blir godt førebudd på vidare studiar.

Ekstra ressursar som Holbergprisen i skolen kan tilby

Lærarseminar

I november blir lærarane som deltek, inviterte til eit to dagar langt seminar i Bergen. Holbergprisen i skulen betalar for reise og overnatting. På dette seminaret kan ein treffe og knyte band til lærarkollegaer frå heile landet. Somme av lærarane her vil ha delteke i konkurransen tidlegare, og kan dele av erfaringane sine. På programmet står fagleg relevante innlegg frå førelesarar frå norske universitet og høgskular, samt innlegg frå både elev- og lærarprisvinnarar frå året før, som vil fortelje om prosjekta sine.

Gjennom vinteren blir det òg arrangert to til tre digitale fagseminar. Her tek ein opp tema som er aktuelle for den fasen av arbeidet klassene er inne i på det aktuelle tidspunktet. Føredragshaldarane er alle etablerte forskarar.

Forskarkontakt

Alle skulane som deltek, får tildelt ein forskarkontakt frå eit universitet eller ein forskingsinstitusjon i nærleiken. Holbergprisen i skolen er opptekne av å sørge for at denne personen driv med forsking som passar til dei faga og temaa som skulen vel å forske på. Forskarkontakten kjem på besøk til skolen tre gonger gjennom prosjektperioden for å rettleie elevane i arbeidet deira. Her får ein hjelp med både metodeval, kjelder og skriving.

Sekretariatet

Skolane får besøk av sekretariatet til Holbergprisen i skolen rundt oppstarten av prosjektarbeidet, som regel i desember eller januar.

Sekretariatet er òg tilgjengeleg gjennom heile skoleåret dersom ein har spørsmål eller treng annan assistanse. De finn kontaktinformasjonen vår nedst på sida.

Følg også Holbergprisen i skolen på Facebook for nyheiter og oppdateringar.

Nettressursar

Her på nettsidene våre finn ein fagartiklar, undervisningsopplegg og tips til alle fasar av prosjektet. Her kan ein finne hjelp som er tilpassa deltaking i Holbergprisen i skolen, men som òg er full av inspirasjon for andre som vil jobbe utforskande i klasserommet.

Forskingsprosessen frå start til slutt

Å skrive eit godt forskingsprosjekt kreve mykje arbeid. På desse sidene skildrar vi viktige steg i forskingsprosessen frå idémyldring til innlevering.

For lærarane er det inspirasjon å hente i andre lærarar sine erfaringar.

Hva er sannhet

Av: Lundaløkk og Anshushaug

Undervisningsopplegget fordrer elevene til å bli nysgjerrig på hva som er sant, og hvordan noe blir en sannhet, og hvilken rolle forskning har i denne prosessen. Elevene blir utfordret til å forske selv, og reflektere over sannheten i sitt forskningsprosjekt.

Bruk av refleksjonsnotat
i elevforsking

Av: Hildegunn Stokke Rasmussen, Spjelkavik videregående skole i Ålesund

Når ein gjennomfører forskingsopplegg med større
elevgrupper, kan det av og til vere krevjande å halde
oversikt over progresjonen til kvar enkelt elev/gruppe.
Då kan refleksjonsnotat fungere fint som ein måte å følgje
opp elevane på. Samtidig kan det å reflektere, bidra til at
elevane blir meir medvitne om eigne læringsprosessar og
får ei djupare forståing av fagstoffet.

En klassereise

Av: Kjersti Gjerde Brekklund, St. Olav videregående skole i Stavanger

Et undervisningsopplegg om hvordan man kan gjennomføre Holbergprisen i skolen som et klasseprosjekt.

Etisk komité

Av: Hildegunn Stokke Rasmussen, Spjelkavik videregående skole i Ålesund

Målet med undervisingsopplegget er å gi elevane øving i å gi og
få tilbakemelding på forskingsprosjekt/prosjektplanar. Metoden kan brukast på ulike
tidspunkt i forskingsprosessen, men er mest fruktbar på eit stadium der elevane har kome i gang med eige forskingsprosjekt og levert inn ein prosjektplan.

Skriving og dialog

Av: Verlo, Oslo handelsgymnasium

Undervisningsopplegget er skrevet innenfor sosiologi (VG2) og Markedsføring og ledelse 2 (VG3), men kan også brukes i andre fag. Oppfordrer elevene til å bli nysgjerrige på samfunnsvitenskaplig forskning, skrive forskningsbaserte rapporter og knytte teori til forskning.

Lærarprisen

I tråd med ønsket vårt om å løfte fram læraren si rolle som sentral fagleg ressurs og inspirasjonskjelde, deler Holbergprisen i skolen kvart år ut ein lærarpris. Vinnaren av denne mottar ei pengegåve på 20.000 kr. Vinnaren blir vald ut på bakgrunn av ein rapport kor læraren greier ut om korleis prosjektet har blitt gjennomført og kva for erfaringar prosjektarbeidet har gitt lærarane og elevane ved skolen. Rapporten må leverast inn ca ei veke etter elevprosjekta og blir vurdert av Holbergprisen i skolen sin fagjury.

Kontakt oss

Bilde av Jon Anders Hvoslef Lothe

Jon Anders Hvoslef Lothe

Seniorkonsulent, Holbergprisen i skolen

Tlf: 55 58 50 86

Mobil: 40 14 91 92

Bilde av Marita Kristiansen

Marita Kristiansen

Rådgiver, Holbergprisen i skolen

Mobil: 95 07 93 97