Forskarkontaktane i Holbergprisen i skolen 2024/2025

Forskarkontaktane våre er rekruttert frå forskings-og utdanningsinstutisjonar over heile Noreg. Grafikk: Ingeborg Storebø.

Elevane som deltek i årets runde av Holbergprisen i skolen får i desse dagar besøk av forskarkontaktane sine. Desse dyktige forskarane, som er rekruttert frå universitet, høgskular og forskingsinstitutt landet over, bidreg med rettleiing og støtte til elevane i arbeidet med forskingsprosjekta deira.

Ein rettleiar og brubyggjar

Forskarkontaktane skal fungere som faglege ressurspersonar tilpassa faga og tematikkane dei ulike skulane arbeider med. Det er eit stort spenn i tematikkar som interesserer elevane som deltek, og dette har vi tatt omsyn til i rekrutteringa av forskarkontaktane.

Forskarkontaktane speler ei viktig rolle som brubyggjar mellom den vidaregåande skulen og UH-sektoren, og er med på å gjere elevane kjende med vitskaplege teoriar og metodar innanfor humaniora og samfunnsvitskapane.

Dei skal besøke skulane tre gongar før innleveringsfristen 1. april, og kan hjelpe elevane med å avgrense problemstillingar, vurdere kva metode som eignar seg best til denne, og til å reflektere kring forskingsetiske spørsmål og omsyn.

Holbergprisen i skolen er stolte over å samarbeide med eit så imponerande team av dyktige forskarar. Under kan du bli betre kjend med kvar og ein av årets 28 forskarkontaktar:

Mari Støverud Beitnes

Skule: Arna videregående skole

Jobbar som: Doktorgradsstipendiat ved sosiologisk institutt, UiB

Faglege interesser: Landbruk, kjønn, klima og natur

Foto: UiB

Kristine Bentzen

Skule: Kongsbakken videregående skole

Jobbar som: Professor i nordisk språkvitenskap, UiT

Faglege interesser: Samanliknande språkvitskap, nordiske språk og dialektar

Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

Elling Tufte Bere

Skule: Arendal videregående skole

Jobbar som: Professor ved Institutt for idrettsvitenskap og kroppsøving, UiA

Faglege interesser: Kosthald, fysisk aktivitet og sosial ulikskap

Foto: UiA

Simon Roland Birkvad

Skule: Metis videregående skole

Jobbar som: Postdoktor ved Institutt for sosialantropologi, UiB

Faglege interesser: Migrasjon, statsborgarskap, rasialisering, rettssosiologi og kvalitative metodar

Foto: Tron Trondal

Øivind Bratberg

Skule: Lillestrøm videregående skole

Jobbar som: Førstelektor ved Institutt for statsvitenskap, UiO

Faglege interesser: Storbritannia, sosialdemokratisk politikk og kvalitative forskingsmetodar

Foto: UiO

Lisbeth M. Brevik

Skule: Oslo katedralskole

Jobbar som: Professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, UiO

Faglege interesser: Engelskdidaktikk, språkundervisning og klasseromsforskning

Foto: UiO

Alf Andreas Bø

Skule: Drammen videregående skole

Jobbar som: Universitetslektor ved institutt for økonomi, markedsføring og jus ved Universitetet i Sørøst-Norge

Faglege interesser: Metafysikk, vitskapsfilosofi og rettsfilosofi

Foto: Jan-Henrik Kulberg

Mads Claudi

Skule: Askim videregående skole

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier, UiO

Faglege interesser: Litteraturundervisning, litteraturhistorie og litteraturpolitikk

Foto: UiO

Kristin Gregers Eriksen

Skule: Åssiden videregående skole

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag, USN

Faglege interesser: Rasisme, antirasisme, kjønn og seksualitet

Foto: USN

Nora C. Waholm Essahli

Skule: Valler videregående skole

Jobbar som: Stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO

Faglege interesser: Sosial ulikskap, kjønn, mangfald og politisk deltaking

Foto: Privat

Oda Marie Heimli

Skule: Metis videregående skole

Jobbar som: Stipendiat ved RKBU Vest/NORCE

Faglege interesser: Barnevern, migrasjon, barne- og ungdomspsykologi, utdanningsdeltaking

Foto: Privat

Solveig Høegh-Krohn

Skule: Amalie Skram videregående skole

Jobber som: Stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB

Faglige interesser: Nyheitsbruk og offentlegheit, media i kvardagslivet, tilhøyrsle og lokalsamfunn

Foto: Thor Brødreskift

Solveig Kristine Høegh-Krohn. Foto: Thor Brødreskift
Håvard R. Karlsen. Foto: Elin Iversen / NTNU

Håvard R. Karlsen

Skule: Byåsen videregående skole

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for psykologi, NTNU

Faglege interesser: Måling av personlegheit, interaksjonen mellom menneske og maskin, statistisk analyse

Foto: Elin Iversen / NTNU

Elise Kleivane

Skule: Akademiet Realfagsgymnas Sandvika og Akademiet VGS Sandvika

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, UiO

Faglege interesser: Norrøn filologi, skriftkultur og runer

Foto: Privat

Edvard Nergård Larsen. Foto: Institutt for samfunnsforskning

Edvard Nergård Larsen

Skule: Lambertseter videregående skole

Jobbar som: Forsker II, Institutt for samfunnsforskning

Faglege interesser: Sosial ulikskap, diskriminering, arbeidsliv, migrasjon, kjønn og kvantative metodar

Foto: Institutt for samfunnsforskning

Eline Drury Løvlien

Skule: Oppdal videregående skole

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning, NTNU

Faglege interesser: Internasjonale perspektiver knyttet til krig og konflikt. Holdninger til demokratiske og politiske institusjoner i konfliktrammede land.

Foto: NTNU

Aleksander Årnes Madsen

Skule: Lambertseter videregående skole

Jobbar som: Postdoktor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO

Faglege interesser: Sosial lagdeling, migrasjon, ulikskap i arbeids-marknaden og kvantitative metodar

Foto: UiO

Ruben Mathisen

Skule: Metis videregående skole

Jobbar som: Postdoktor ved Institutt for sammenliknende politikk, UiB

Faglege interesser: Demokratisk representasjon, politisk økonomi og offentleg opinion

Foto: UiB

Sigurd M. N. Oppegaard

Skule: Stabekk videregående skole

Jobbar som: Forsker, FAFO

Faglege interesser: Arbeidsliv, teknologi, etnografi, makt og kontroll, kapitalisme, den norske modellen

Foto: FAFO

Anne Riise

Skule: Narvik videregående skole

Jobbar som: Universitetslektor ved Institutt for barnevern og sosialt arbeid, UiT

Faglege interesser: Barn og unges medverknad, barnevern, og unge i overgang til vaksenlivet

Foto: UiT

Ulrikke Rindal

Skule: Oslo katedralskole

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, UiO

Faglege interesser: Språkbruk og språkhaldningar knytt til engelsk og engelsklæring

Foto: UiO

Lise Camilla Ruud

Skule: Drammen videregående skole

Jobbar som: Professor ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag, USN

Faglege interesser: Samfunnsfag, vitskapshistorie, museer og kulturarv

Foto: Privat

Ellen Oftedal Schwencke

Skule: Stabekk videregående skole

Jobbar som: Stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO og NOVA

Faglege interesser: Ungdom, kjønn, rus, seksualitet, sosial ulikskap og kvalitativ metode

Foto: Erik Engblad

Eivind Schjelderup Skarpsno

Skule: Ålesund videregående skole

Jobbar som: Seniorforskar ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie, NTNU

Faglege interesser: Søvn, smerte, psykisk helse, ungdomshelse og helseteknologi

Foto: NTNU

Marta Stachurska-Kounta

Skule: Porsgrunn videregående skole

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag, USN

​Faglege interesser: Internasjonal og global historie, samfunnsfag, postkoloniale perspektiv på undervising

Foto: Privat

Katrine Mayora Synnes

Skule: Arendal videregående skole

Jobbar som: Førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og sosialt arbeid, UiA

Faglege interesser: Brukerperspektiver, migrasjonsspørsmål, marginalisering og maktperspektiver.

Foto: UiA

Sabina Tica

Skule: Valler videregående skole

Jobbar som: Stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO

Faglege interesser: Kulturell og politisk deltaking, sosial ulikskap, rasisme og diskriminering, klasseteori

Foto: UiO

Anne Tjønndal

Skule: Bodin videregående skole

Jobbar som: Professor ved Fakultet for samfunnsvitenskap, Nord universitet

Faglege interesser: Idrettsteknologi, kjønn og sosial ulikskap i idrett
og e-sport

Foto: Privat

Sist endret:

Publisert:

Relatert innhold