
Styret for Holbergprisen heldt møte den 2. februar og vedtok då kven som blir vinnarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen for 2021.
Det har vore ein hektisk start på det nye året. Både Holbergkomitéen og Nils Klim-komitéen gjennomførte sine avsluttande møter digitalt i siste halvdel av januar, og no denne veka heldt Holbergstyret sitt årlege vintermøte, der dei blant anna drøfta tilrådingane frå fagkomitéane og fatta endeleg vedtak om kven som skal motta Holbergprisen og Nils Klim-prisen i 2021.
Dette er første gong Kjersti Fløttum er med på å velje prisvinnarar etter at ho tiltrådte som styreleiar for Holbergprisen i fjor sommar. Fløttum er elles òg professor i fransk språkvitskap og medlem av universitetsstyret ved Universitetet i Bergen, samt leiar for styret for Humanistisk fakultet ved NTNU.
Dei andre medlemmane i styret er Knut Olav Åmås, direktør for Stiftelsen Fritt Ord, Lise Rye, professor i europeisk samtidshistorie ved NTNU, Hans Petter Graver, professor ved institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo, Siv Ellen Kraft, professor i religionsvitskap ved UiT Norges arktiske universitet og Torkild Hovde Lyngstad, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO.
Krevjande jobb for fagkomitéane

Holbergkomitéen møttest den 29. januar for å drøfte kandidatane på årets kortliste og bli samde om ei tilråding til styret. Komitéen har hatt ei krevjande oppgåve med å velje ut ein prisvinnar i år. Grunna covid-19-pandemien, blei det vedteke i fjor sommar at nominasjonane frå 2020 òg skulle telle med som aktuelle kandidatar for året etter. Det betyr at komitéen i denne utveljingsprosessen har hatt nesten dobbelt så mange kandidatar som normalt til vurdering, og tilsvarande mange sterke navn på kortlista. Dei kom likevel fram til ei einstemmig avgjersle til slutt.
Kunngjering og feiring
Fagleg leiar for Holbergprisen, Ellen Mortensen, har vore i kontakt med prisvinnarane over telefon i etterkant av styremøtet, og kan melde at båe er svært takksame og glade, og gler seg til å delta under Holbergveka som heidersgjestar i byrjinga av juni, anten feiringa må bli digital, eller kan gjennomførast ved fysisk frammøte.
Følg med på kunngjeringsarrangementet den 5. mars kl 15:00 for å få greie på namnet for årets prisvinnar og høyre fagkomitéen si grunngjeving.
Sist endret:
Publisert:
Relatert innhold

“Alle drøymer om natta”: Intervju med Stephen Greenblatt
Kva er stiane og hendingane som har ført Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt dit han er i dag? Kvar går vegen vidare? Korleis vil humaniora overleve i framtida? Det er nokre av spørsmåla Greenblatt svarar på i dette eksklusive intervjuet.

Bruno Latour in memoriam
Minneord om Bruno Latour, som ble tildelt Holbergprisen i 2013.

Får Holbergprisen for forskning om vitenskap og samfunn
Det ble i dag kunngjort at Holbergprisen 2022 tildeles amerikanske Sheila Jasanoff for hennes fremragende forskning innen vitenskaps- og teknologistudier. Nils Klim-prisen går til finske Elisa Uusimäki.