Nils Klim-møte i Stockholm

Nils Klim-komitéen i arbeid. Fra venstre: Dorthe Staunæs, Elina Vuola, Tone Sverdrup, Vilhálmur Árnason, Lars Magnusson. Foto: Hjørdis Maria Longva / Holbergprisen

Nils Klim-komitéen møttest i Stockholm 21.januar for å diskutere årets kandidatar og er no klar med si innstilling til ein Nils Klim-prisvinnar for 2019.

Nils Klim-komitéen møtest den 21. januar, på Kunglega Vetenskapsakademien i Stockholm for å drøfte årets nominasjonar. Med kandidatar av gjennomgåande høg kvalitet og og svært forskjellige akademiske bakgrunnar, har dei fem komitémedlemmane hatt ei krevjande jobb i å utpeike ein Nils Klim-prisvinnar for 2019. På møtet blei dei samde om si innstilling, som vil bli lagt fram for Holbergstyret i byrjinga av februar. Kunngjeringa for Holbergprisen 2019 og Nils Klim-prisen 2019 finn stad den 14. mars, kl. 09:00, på Media City Bergen. Arrangementet er ope for alle interesserte og blir direkteoverført på Holbergprisens nettsider.

Nils Klim-komitéen

For å sikre at alle nominasjonane blir gjenstand for grundig og rettvis vurdering er Nils Klim-komitéen sett saman med tanke på å sikre størst mogleg fagleg og geografisk breidde. Dei fem komitémedlemmane kjem frå kvart sitt nordiske land, og er alle anerkjende forskarar innan eit av fagfelta som prisen dekkjer. Kvart komitémedlem blir i utgangspunktet valt inn for ein periode på 3 år, med høve for gjenval.

Nyvalt leiar for komitéen er Tone Sverdrup, professor ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo. Dette var også første møtet for Dorthe Staunæs, som har tatt over etter Frans Gregersen som Danmarks representant i komiteen. Staunæs er professor i sosialpsykologi ved Danmarks institut for Pædagogik og Uddannelse (DPU), AUs avdeling for uddannelsesvidenskab i Emdrup.

Keskitalo heldt innlegg om klimaberedskap

Samme kveld som komitémøtet var tidlegare prisvinnar Carina Keskitalo invitert til å halde eit fagleg innlegg på Kunglega Vetenskapsakademien. Keskitalo er professor i samanliknande politikk ved institutt ved Universitetet i Umeå og vann Nils Klim-prisen i 2007. Keskitalo heldt innlegg om utfordringar knytt til implementering av tiltak for tilpassing til klimaendringar, blant anna med bakgrunn frå si rolle som vitskapleg rådgivar for EU i samband med saker relatert til klimapolitikk. Ho påpeika at vellukka gjennomføring av klimatiltak blant anna føreset samarbeid på tvers av mange sektorar og organisasjonar i samfunnet, og at det samfunnsvitskaplege perspektivet har synt seg å vere svært nyttig for å synleggjere utfordringane som ligg i institusjonell kompleksitet, i samband med klimapolitisk arbeid.

Nominer ein kandidat til Nils Klim-prisen 2020

Alle vitskapeleg tilsette ved universitet, akademi eller andre forskningsinstitusjonar kan nominere kandidatar til Nils Klim-prisen. Fristen for å nominere kandidatar er den 15. juni kvart år. Aktuelle kandidatar til Nils Klim-prisen er yngre nordiske forskarar under 35 år innan fagfelta humaniora, samfunnsfag, juss og teologi.

Sist endret:

Publisert: