
Holbergprisen ynskjer å invitere fem ph.d.-stipendiatar frå dei nordiske landa til Bergen den 3. juni, for å delta i meisterklasse med årets holbergprisvinnar, Paul Gilroy. Temaet for diskusjonen er “Multiculturalism or Melancholia”.
Doktorgradsstipendiatar frå dei nordiske landa kan no søke om å delta i meisterklasse med holbergprisvinnar Paul Gilroy måndag den 3. juni, kl. 14.00-16.00. Utgifter til transport og opphald vil bli dekt av Holbergprisen, og dei som får plass vil òg få tilbud om å delta som gjestar på det offisielle programmet under Holbergveka 3.-5. juni. Søknadsfrist 1. mai.
Multikultur eller melankoli
Temaet for årets meisterklasse er “Multiculture or Melancholia?” Sjå engelsk versjon av denne sida for nærare omtale.
Om Paul Gilroy
Paul Gilroy er ein britisk kulturvitar som opp gjennom karrieren har hatt stor betrydning innan ei rekke akademiske forskningsfelt, som blant anna kulturstudiar, kritisk raseteori, sosiologi, historie og sosialantropologi. Gilroy er professor i amerikansk og engelsk litteratur ved King’s College London, og blant dei mest velkjende offentlege intellektuelle i Storbritannia i dag.
Førebuing
Som deltakar vil du bli bedt om å førebu eit innlegg på 5-7 minutt relatert til hovudtemaet. Utover kjennskap med tekstane oppgitt som relevant lesning under, ber vi òg om at detakarane førebur spørsmål og kommentarar til Professor Paul Gilroy på førehand. Diskusjonen kjem til å føregå på engelsk.
Relevant lesning:
- Claire Risbeth and Ben Rogaly: “Sitting ouside: conviviality, self-care and the design of benches in urban public space”. Transactions of the Institute of British Geographers. London: John Wiley & Sons Ltd. on behalf of Royal Geographical Society, 2017.
- Emma Jackson: “Valuing the bowling alley: Contestations over the preservation of spaces of everyday urban multiculture in London.” The Sociological Review, Vol 67 (1), 2019: 79-94.
- Malcolm James: “Diaspora as Ethnographic Method: Decolonial Reflections on Researching Urban Multi-culture in Outer East London.” Young, Vol 24 (1), 2016: 222-237.
- Les Back & Shamster Sinha: “Multicultural Convivality in the Midst of Racism’s Ruins.” Journal of Intercultural Studies, Vol. 37 (5), 2016: 517-532.
- Dennis Dworkin: “Paul Gilroy and the cultural politics of decline”. Rethinking History, Vol 13 (4), 2009: 521-539.
- Suzanne Hall (2012): “The Politics of Nearness”. In City, Street and Citizen: The Measure of the Ordinary. London: Routledge, pp. 95-109.
- Sivamohan Valluvan: “Conviviality and Multiculture: A Post-integration Sociology of Multi-ethnic Interaction.” Young, Vol 24 (3), 2016: 204-221.
Korleis sende søknad
Du kan søke om å delta ved å fylle ut skjemaet under. I skjemaet vil du bli spurt om å skrive eit kort motivasjonsbrev og legge ved CV og kontaktinformasjon. Søknadsfristen er 1. mai, 2019.
Om du har spørsmål til arrangementet, søknadsskjemaet eller praktiske ting, er du velkommen til å ta kontakt med prosjektleiar Holbergsekretariatet på adressa info@holbergprisen.no.
Sist endret:
Publisert:
Fakta
Tekst her
Relatert innhold

“Alle drøymer om natta”: Intervju med Stephen Greenblatt
Kva er stiane og hendingane som har ført Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt dit han er i dag? Kvar går vegen vidare? Korleis vil humaniora overleve i framtida? Det er nokre av spørsmåla Greenblatt svarar på i dette eksklusive intervjuet.

Bruno Latour in memoriam
Minneord om Bruno Latour, som ble tildelt Holbergprisen i 2013.

Får Holbergprisen for forskning om vitenskap og samfunn
Det ble i dag kunngjort at Holbergprisen 2022 tildeles amerikanske Sheila Jasanoff for hennes fremragende forskning innen vitenskaps- og teknologistudier. Nils Klim-prisen går til finske Elisa Uusimäki.